Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Kløpinne

Med det samme ein er inne på lus, kan det vera verd å nemna ei innretning som hørte med til buhavet i alle hus frå gammalt. Like innfor døra var det bora inn ein pinne i tømringa. Pinnen sto ut sto ut rundt 10 cm. frå stokken. Han sto så høgt på veggen at han nådde ein vaksen person noko nedanfor skulderblada.

Pinnen vart kalla kløpinn av di det var dette arbeid han var tenkt til. Når lusa i skjorta vart for eitrande, gjekk dei berre bortåt pinnen og gnudde seg mot han.

–    ”Ja, berre bruk kløpinn, sa husfolket til gjestane».

Han bestefar fortalde det slik om denne pinnen ”at han var så gjesvint te å skift tjørbeit med lusen på”.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *