Internt referansenummer: 16.11.10 – A
Kilde:
LIFJELL I FARNE TIDER
Ei kulturhistorisk bok i samband med 20 års jubileet for Lifjell grunneigarlag
Av: HALVOR SEM
LIFJELL GRUNNEIGARLAG HEDDAL 1983
ISBN 82-991086-0-8
Teledølens Boktrykkeri, Notodden
(Klikk her for å lese ”Forordet” skrevet av Reidar Skår)
(Klikk her for å lese ”Innleinga”  av Halvor Sem)

Kløvjinga i Lifjell i farne tider

Ann_H_Folkestad

Høllén 1945. Anne H. Folkestad i sving med lokking i lia opp for stulen.
Fotograf ukjent.

Kløvjinga og føringa var heilt avgjerande for at stulsdrifta skulle fungere. Det var viktig at føringskaren var hestevant og at han kjende hesten eller hestane ut og inn. Hesten måtte vere i godt hald og i god kondisjon. Skoningen på hesten var viktig. Hesten skulle helst vera ny-skodd, og ein måtte ha med reservesko, saum og hamar. Føringskaren måtte kunne hovslagarkunsten.

Det var reglar for kor stor last ein hest kunne bera. Meir enn 70 kg burde han ikkje ha på ryggen, dvs. 35 kg i kvar meis. Hesten skulle ikkje berre ha kløv ifrå stulen. På opptur bar han gjerne proviant for folk og fe. Kyrne skulle ha salt, og kalvane skulle ha mjølblanding. Ofte førde ein kar med to og kanskje tri hestar. Anund Grini Ned-Tubås gjorde det, fortel kona Signe. Da batt dei hestane saman. Hestane hans, «Harald» og «Tryggve» er sagnomsuste i så måte. Tryjen (tilsv. salen) var laga av tre. Den skulle ligge over frampartiet på hesten. Under tryjen måte det vera godt med jåfått så ikkje hesten fekk gnagsår på ryggen. Tryjen måtte vera godt fastspent under hesten slik at den låg støtt og godt. På kvar side av tryjen var det ein meis. Meisen var gjort av vridde bjørkevier. Meisen var så fest til tryjen med vidjeband. Holkane vart så plasserte i meisane. Her hadde ein smør og prim. Plassen mellom meisane, på toppen, vart kalla åbandet. Når osten skulle førast heim, etter å ha legi på hjellen i stulsbua til mogning, til utpå ettersommaren, vart den plassert på åbandet. Av og til førde ein reine ostekløv, seinhaustes, heim frå stulen. Eit band gjekk frå meisane på kvar side over åbandet. Det vart kalla sjaget. Sjaget skulle hindra at meisane gnog hesten. Eit band som vart kalla brøste, skulle hindre kløvet i å sige bakover.

I det heile var det ikkje heilt enkelt å kløvje ein hest på rette måten. Under heile føringsturen måtte ein vere på vakt slik at alt gjekk som det skulle. Viktig var det også at hestane fekk dei kvilepausene som dei trong.

Nils_og_Halvor_Folkestad

Høllén 1934. Nils og Halvor Folkestad.
Fotograf ukjent.

Bergit_Jamtveit

Tjønnstul 1946. Bergit Jamtveit kjem frå bekken med smør ho har vaska.
Fotograf ukjent.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *