Internt referansenummer: 16.11.10 – A
Kilde:
LIFJELL I FARNE TIDER
Ei kulturhistorisk bok i samband med 20 års jubileet for Lifjell grunneigarlag
Av: HALVOR SEM
LIFJELL GRUNNEIGARLAG HEDDAL 1983
ISBN 82-991086-0-8
Teledølens Boktrykkeri, Notodden
(Klikk her for å lese ”Forordet” skrevet av Reidar Skår)
(Klikk her for å lese ”Innleinga”  av Halvor Sem)

Klyberg

u/Hustveit 70 – 1. Nigard.

(Husmannsplassane på Vestsida i Heddal og innover mot Lifjell)

KLYBERG u/ Hustveit 70 — 1. Nigard. Utlagd og vakse til med skog. Hustufta er synleg. Klyberg vart truleg rydda på 1700 talet. I 1792 budde Harald Hansen og kona Gunvor Pedersdotter på plassen. I 1801 bur framleis Harald 46 år, gift andre gong, og kona Gunvor der. Dei har da tri born: Hans 9 år, Aaste 6 år og Peder 2 år. Etterkommarar etter folk som har budd på Klyberg bur i Amerika. Den siste som har budd på Klyberg var Kittil Kolbotn, tømmermann av Stormoslekta. Plassen blei fråflytta omkring 1910. Olav T. Haugen fortel i intervju at han gjette i lia ved Klyberg i 1912-13. Han hugsar både stugo og uthus frå den tida.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *