Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Kniven tok bort føflekker

I Rørosbygdene blir det fortald om ein kniv som gjekk på rundlån. Denne kniven hadde evna til å ta bort føflekker. Han hjalp også mot vonde kular i huda.

Kniven var bruka til sjølmord. Presten skreiv i boka si om mannen som hadde ått kniven:

”Han overskar sin strube og forkortede sin dag.”

På born som hadde føflekker vart det stroke over flekken med kniven og med kvart bleikna flekken og vart borte.

Kniven hørte heime i Brekken og var i bruk omkring 1880-åra.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *