Internt referansenummer: 16.11.10 – A
Kilde:
LIFJELL I FARNE TIDER
Ei kulturhistorisk bok i samband med 20 års jubileet for Lifjell grunneigarlag
Av: HALVOR SEM
LIFJELL GRUNNEIGARLAG HEDDAL 1983
ISBN 82-991086-0-8
Teledølens Boktrykkeri, Notodden
(Klikk her for å lese ”Forordet” skrevet av Reidar Skår)
(Klikk her for å lese ”Innleinga”  av Halvor Sem)

Knurrlia

u/Grene 72-1

(Husmannsplassane på Vestsida i Heddal og innover mot Lifjell)

KNURRLIA u/ Grene 72 — 1. I folketeljingslistene av 1801 er det nemnt to Knurrliplassar. På den eine bur Christian Hermundsen som husmann. Han er 29 år. Kona Marjet er 26 år. Dessutan bur Søve Jons-datter der som enke og innerst. Ho er 67 år. På den andre Knurrliplassen bur Halvor Olsen som husmann, og er 37 år. Han er gift med Marjet Gregarsdotter som er 50 år. Dessutan bur ei enke der, Torgun Halvorsdatter som er 49 år. Systera til Halvor Olsen, Anne, bur også der, 33 år. Knurrlia vart tidleg rydda. Så tidleg som i 1730 bur Johannes Halvorsen Knurrelien og kona hans, Anne der. I kyrkjebøkene er plassen nemnt fleire gonger utetter på 17 og 1800 talet. Mange av etterkomarane etter den opphavlege ætta i Knurrlia bur i dag i Amerika. Olav H. Kasin kjøpte bruket i 1934. Eigar i dag er Ragnhild Kasin, enke etter Olav H. Kasin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *