Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Knut Kveom

Knut var soldat og var med i slaget ved Onstadsund.

Kompaniet var innkvartert på storgarden Hunstad, og det gjekk ikkje betre til enn at han vart innteken i dottera der, ho Mari, og ho i han. — E kunne ikkje stå for di blåe augom hass, sa ho ein gong seinare.

Knut hadde nok fortalt noko som ikkje var i samsvar med virkelegheiten, at han var frå «ein større gard» i Lom. Han kom heim, og trudde vel det var gløymt. Men ho Mari hadde ikkje det. Ho kom etter åt Lom og fann han Knut i Blakarstugun, der han sat og spelte kort.

Dei gifte seg og vart husmannsfolk på Randen. Det vart strevsamt å greie seg for dei. Mari åtte ting av gull og sylv. — Ho Huns-Mari ha’ fyrste gullklokka i Lom, hermer dei etter Gamle-Frøysen, han Halvor. Tinga vart selde etter kvart for mat. Ein sylv kakespade kom til lensmann Andvord — sonen Richard fekk han sidan — og ein annan sylv-spade eller ei sylvsleiv kom åt Kjæstad.

Dei har ei stor slekt etter seg, sterke og evnerike folk, og Mari-namnet er i bruk i slekta den dag i dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *