Kilde
GAMLE HERMENNAR FRÅ TELEMORK
Av Kjetil A. Flatin
Lokalhistorisk Forlag 1991
(Nå overtatt av www.bokloftet.no)
Denne utgåva er eit fotografisk opptrykk av
Oluf Rasmussens Boktrykkeris utgåve frå 1913.
ISBN 82-7404-056-2
Du kan lese forordet til boka her.

Knut Leidulvson Meaas.

Knut bodde paa Meaas i Seljord, han var i krigen 1788, og laag paa Fredrikssten,
Knut var mykje rik, aatte baade midstogo  og nordistogo-Meaas. Han hadde so mange krøtur, at han laut ha' dynn i baae endar av fjose. Ætti hans var gamall paa Meaas; men med son hans, Leidulv, (Leidulv var gift med Jorun, dotter til Olav og Maren Klomset) rasa ætti ut, og kom burt fraa odelsgaarden. Leidulv var ein litin nusk, og ei armod som lite dugde. Dei kalla honom VIU-LEIULV, fordi han hadde ikkje gogn og husbunad paa folkevis. Gjekk noko sundt, koppar og kjøraal, so heka han og batt det isaman att med bjørkevidjur. I selen paa hesten fanst mest ikkje ei reim berre vidjur.

Hesten sin fór han stygt med, svelte honom so han hadde langt ragg, og let honom ligge i talle og møk um vettern, og um vanren flagna heile hamen av. Men daa var Leidulv kar!

”Jau sjaa naa fer han til steppe haari, aa ja eg hev stulle deg so bra›, sa han, og klypte burti haartufsune.

Leidulv drakk og somla mykje, so han maatte fraa garden, fekk daa Bøye, ein litin plass under Meaas, der budde han til slutt. Men vyrdnaden for ætti og odelsjordi, hælde han endaa.

«Eg vi' svive paa odelsjori, om eg eig kje vi'ar hell ei halv ert av 'o!» sa han.

Daa han skulde døy, so bad han, um dei vilde køyre likje hans til Meaas, so han kunne faa ligge paa likstraa der, han liksom dei gamle fedrane hans.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *