Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Knut Morken


Her vil eg fortelja um ein gamal ein som var så maktug at det går gjetord um han i bygd'n ennå. Det er gamle Knut Morken frå Lesjaskog. Han var tå dei karom som låg ute i ufreden frå 1808-1812.

Knut var skinnfeldmaker, og da han kom heim att frå ufreden, så tok han fatt att med det gamle handverket sitt. Når dei tok til å tala um krigen og det dei var ute for da, desse gamlingan, så vart dei så uppøste og ville at fingran reint krøkte seg, og dei var knapt god for å sitja rolege.

Ein gong sat han Knut i Øvre Sør-Einbu og gjorde skinnfeldar. Han hadde smurt eit sauskinn med tran, og nå sat han og tulla det millom hendom så at smurningen skulde gå inn i skinnet. Han tok til å tala um da han låg ute mot svenskom, og um eit slag han hadde vore med ti. Til lenger han kom i fortelingen, til hardare medfart fekk skinnet. Og da han var kornen så langt i fortelingen at det bar i hop med svenskom, da sleit han sauskinnet tvert av. Han vart nok forfjamsa sjøl med, da han vart sitjande med ein halvpart av skinnet i kvar neva. Og når han sia fortalde um dette, sa han: Jamen vart eg så upphissa at eg sleit tvert av skinnet.» Og da laut han lægje lite sjøl med.

Ein gong er det fortalt han var på Brue i Romsdalen og gjorde skinnfeldar. Han hadde ein tein med ein bolt i båe endom som han slo i veggen for å ha noko å bråke skinnet mjukt på. Men der på Brue bråka han så hardt at han tok med seg noko av veggen i stugun millom tvo glas.

Sin store styrke synte han kanskje enda be're den gongen han bar ei halvtynne salt etter sekkjemunna frå Veblungsnes og uppi Morkje. Det var ein vegstubb på seks mil.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *