Kilde
GAMLE HERMENNAR FRÅ TELEMORK
Av Kjetil A. Flatin
Lokalhistorisk Forlag 1991
(Nå overtatt av www.bokloftet.no)
Denne utgåva er eit fotografisk opptrykk av
Oluf Rasmussens Boktrykkeris utgåve frå 1913.
ISBN 82-7404-056-2
Du kan lese forordet til boka her.

Knut Strandstaul

Knut Strandstaul i Seljord var med i ufreden 1788. STRANDSTAUL er ein plass under YTRE ØVLAND, og mannen der heitte OLAV i denna tidi. Han var ein fæl rutebror karvorin og stor vilde han vera, men full av fantetak og fiilledom, reint ein skarv.

So var det um vetteren daa Strandstaulen laag ute. Kona hans kava aaleine heime med bonni. Paa ein litin staule burti Øvlandsmarki, som heiter Rubelstaul, hadde dei mykje lauv og høy standande i stakkar.

Daa det leid paa vaarkanten, og KARI STRANDSTAUL vart fórlaus, so trøysta ho seg til alt fórase, ho hadde paa RUBELSTAUL. Men daa bo kom dit, so hadde Olav Øvland vori der og køyrt heim rubb og stubb. Kari vart ille ved og gret og bad paa Olav; men det muna lite, og krøturi kunne ho ikkje lenge halde live i.

Daa sende ho brev til mannen sin, og fortalde som til var. Knut gjekk daa til oberstlytnanten, GRØNNVOLD, og klaga naudi si. Daa sende Grønnvold brev til Olav Øvland samstundes og sa honom det, at køyrde han ikkje lauve og kvart høystraae, som han hadde rana paa Rubelstaul heim til Strandstaulkona att so snøggt som skje kunne, so skulde det koma folk og hente honom, snøggar enn han visste av, og daa kunne det vera uvisst, um han fekk sjaa Øvland meir.

Daa kvakk det i skarven, og Kari Strandstaul hadde alldri fengi fóre sitt fra Rubelstaul so lettvint. Olav laut køyre det heim i løda for henne kvart grande, og endaa vera ty og blid.

Knut og Kari hadde 2 gutar, som var med i ufreden 1808 – 14, TOR og OLAV heitte dei. TOR fall i eit slag, men Olav kom heimatt.

GRO, dotter til Olav og Kari, var gift med NILS LANGEDAL.

Ei onnor dotter var ANNE AARHUSMOEN.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *