Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Knut Syre

Knut Syre var fødd paa Syre i Skutenes. Far hans var los.

Folk lagde snart merke til at han var noko vill av seg og hardbalen. Fyrr han vart vaksen, var han med far sin ute paa sjøen ein dag og skulde borda eit skip. Daa datt han ned fraa rælingi og kom upp att paa hi sida av skipet.

Ikring 1796 var det utskrive ein skatt som skulde nyttast til aa leggja veg fraa byen og ut yver Jæren. Folk i Fjordarne og paa Øyarne kunde aldri lika denne skatten; dei tykte at dei hadde so lite att fyr pengarne. Verre enn alt vart det, daa det kom upp at dei hadde teke inn mykje meir en som dei hadde bruka til vegen. Dette klaga dei yver gong paa gong; men aa klaga den tid var mest jamgodt med aa taka seg bak; det kom aldri lenger en til futen og amtmannen, og dei hadde vel sine grunnar til aa lata klaga liggja heime. Daa vart folk sameinte um at dei skulde velja ut fire mann som skulde fara til Kjøpen¬hamn og tala med kongen. Det var Olav Haaland fraa Kvitsøyarne og Asgaut Reilstad og Søren Faa fraa Finnøy, og so Knut Syre som vart valde. Knut Syre vart liksom høvding i laget. Vitet hans var ikkje sers stort, og lærdomen var liten; men han hadde eit urimeleg stort mod, so han nog kunde vera med paa kva dei vilde hava han til.

Det var ikkje greidt fyr desse mennerne aa koma av stad. Amtmann og fut lagde vondt i vegen; dei vart paapassa som det skulde vore hundar. Dei laut smjuga seg fram rett som dei var rymlingar. Men dei fekk det til so dei fylgde ein baat til Mandal; derifraa gjekk dei med ein slupp til Kjøpenhamn.

I Kjøpenhamn gjekk dei 14 dagar og kunde ingen ting faa gjort. Dei saag kongsgarden og mykje anna gildt; men dei hadde ikkje vit paa audiens og slike ting, og hadde visst aldri kome til kongen, hadde dei ikkje funne frami ein harding som laag der nede i livvakti til kongen. Denne mannen hadde set so mykje av skikkar og vis at han kunde hjelpa deim til rettes; mannen heitte Absalon Folkedal. Ein dag som krunprinsen gav audiens, hjelpte han deim fram aat døri til maalstova. Der var det mange som skubba og saag skakt paa deim; det saag so skeivt og ubeint ut at dei tok til aa fæla at amtmannen og fu¬ten hadde rokke so langt og, og lagt vondt i vegen fyr deim.

Best som dei daa stod der, var det nokre dører som vart slegne paa vid vegg, og dei fekk sjaa inn i eit rom som var so fint at dei tri vart redde og rymde ut gjenom alle dører. Der stod Knut att aaleine; men han gjekk inn likavel. Krunprinsen stod att-fyre eit bord og skjegla til honom daa han kom. Knut tok nokre papir upp or lumma; dei stod han og fatla med og visste ikkje kva han skulde segja. «Hvad godt, min søn?» sa krunprinsen. Daa fekk Knut mod til aa svara: «Eg er utkora til aa fara med til Dykk, herre konge! og beda um rettleiding paa ein ting som me bønder uppe i Ryfylke, Stavanger amt i Norig, tykkjer det ikkje heng rett i hop med.» Og so heldt han, so godt som han kunde faa det til, ein tale som han lengje sidan hadde lært godt utanaat. Sistpaa lagde han papiri sine paa bordet, og so sa han: «Desse brevi legg eg fram; dei skal greida saki, so mykje kongen kann sjaa at eg talar sanning og ikkje fer med noko fusk.» «Det er godt,» sa krunprinsen og tok brevi til seg; «hvad rett er, skal du faa.» Dermed var det slutt med audiensen. Knut gjekk.

Sidan fór karane heim att paa same maaten som dei var komne ned. Men fyrr dei var komne kvar til seg, var amtman¬nen og futen avsette. Amtmannen vart sett fast og laut jamvel paa Bergenhus festning nokre aar. Men futen fekk embættet sitt atter; han fekk vrida det so til at alt var amtmannen si skuld; for det var han som hadde skrive ut skattarne, futen hadde berre kravt deim inn.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *