Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

 

Knut Vetllykkja var med daa svenskane storma Kongsvinger

Han var med daa svenskane storma Kongsvinger. Svenskane kom 4 og 4 mann so tett dei berre kunde, sa han. Dei skulde ha faatt brennvin so dei var fulle, og daa gjekk dei berre beint paa. Fraa festningen skaut dei daa med lenkjekulor, so det lyste i rekkjone for kvart skot. Lenge utover vart rekkjone fyllte att; men litt etter kvart tok dei til aa bli so grisne, og so laut dei snu. Ein svenske sette seg att midt i vegen og tok upp matposen sin og til aa eta. Han skulde syna kva han vyrde kanonane.

«Er det en som kan ta hovedet av ham der?»
«Kann prøve!» svara ein som stod ved ein kanon.

Han retta daa kanonen mot svensken og skaut. Kroppen sat att med maten i handa; men hovudet var burte. Men det raraste var det denna kroppen sat slik lenge hovudlaus fyrr han datt. Det var reint uhugsamt aa sjaa det.

Han Knut var med ein gong dei slo ring kring ein offiser ein dag. Denne offiseren var eit naut paa alle gjerder, og tilslutt vart soldatane hans so hatefulle paa’n, so ein dag dei hadde han for seg sjølv unda dei andre soldatane, slo dei ring um honom. Han drog sabelen og vilde verja seg like til det han stod inneklemd millom bajonettane. Daa bad han um fred. Det fekk han paa dei vilkaar han skulde vera folk. Det lova han ut, og sidan var han likare og.

Bror hans Knut, han Per Ottarsen, var og med. Han stod i kompaniet aat kaptein Lowzow. Det er ordstø etter’n Per. Dei laag paa ein gard ei natt, og so skulde han ut eit lite ærende um natta. Der vart han var det svenskane kom og full meinte paa aa ringa inn garden. Og han sette inn att:

«Naa lyt vi død og snyte ta med oss det vi har og ut, Lowzow, for naa er svensken over oss!»

Dei ut, og daa var det nok i siste liten og, for hadde dei ikkje kome daa, hadde dei vorte innsnara.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *