Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Kobbeskinnsåndran'

Ein gong laga han Einar seg eit par åndrar (ski) som var trekt under med kobbeskinn, slik at han ikkje glei att når han skulle opp i fjellet.

«Ein dag tok eg desse skiene på og gjekk så høgt opp i Mykjetinnen at skiteppan' tok i naseteppen. Då sette eg av», sa han Einar.   
(H. Jakobsen, Ballesvik)

Historiene etter han Einar er mange, og ein kunne nok ha tatt med fleire. For eksempel om den gongen han rak av og var så langt til havs at han hørte kjerkeklokkene i Engeland, eller om den gongen han segla så hardt og uvørent at han fann brosma i framskotten då han kom på land. Det var kanskje også han som har fortalt om den gongen i kobbeåra «då det var så handtjukt av russekobbe at han var oppe i fjøsan' og patta kyrne».

Når kameratane i rorbua hadde hørt på han Einar så lenge at dei kjende seg «søkkblaute» og ikkje greidde å stoppe han på anna vis, sa dei: «No må du snyte deg, Einar!» Når han Einar gjorde det, mista han tråden og glømte historia.
(Kornelius Enoksen)


I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *