Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Kobbusteinen i Bø

Ovanfor Garden Øvre Straume i Bø ligg det ein stein dei kallar Kobbussteinen. Om denne steinen er det ei segn som er såleis:

Ein nyttårsaftan skulle presten i annekset Eidet for å preike. Han gjekk på ski, og det var godt føre. Men då han kom opp på heia blei skiene så tunge som bly. Han tok skiene av, men kunne ikkje merke noko med skiene. Han begynte å gå igjen, då skottar han bakover og ser at ein fæl skapning ligg over skiene hans. Presten vende seg heilt om og sa:

«Vil du følgje mæg, eller skal æg følgje dæg?»

Trollet svarte:

«Æg vil følgje dæg!»

No tok presten skiene att, bala seg opp mot den store steinen:

«Hit og ikkje lenger!», sa presten.

Så «las» han trollet inn i steinen, og kalla den Kobbussteinen, det skal tydast «tillhaldstaden for dei vonde makter».

Kobbussteinen ber namnet sitt den dag i dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *