Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Kona såg tussane i stova og tala med dei.

Det var for omlag 80 år sia på ein gard i Soknedal. Kona på garden sat attmed rokken og spann. Jula var like innpå, så no galdt det å få arbeidet unna. Grannekona kom innom med bundinga si. Nøstet hang i nøsteklaven i stakklinninga, og stikkone skrangla og singla med tråden gjekk. Dei hadde mykje og mangt å tala om som koner flest. Og ingen ting er som ein kaffiskvett med skravla går. Rokken fekk kvila ei stund med kona fekk kaffikjelen hengt på skjeltjarnet i peisen. Ho rugga att og fram med overkroppen med ho mol kaffi, Alt i eitt stirde ho bort i sengkråa, men ho sa ikkje noko.

Så sette ho seg til rokken att, men før ho svinga hjulet i veg truga ho med handa mot noko som ho tykte sjå, og så sa ho:

– Fløtt på de lite grann så du itt kjem attfor. En må pass på småtyskapet, ja.

Grannekona såg ingen ting, og smårøda mellom dei to konene heldt fram. Men grannekona undra seg mykje, for alt i eitt vende kona seg til det den andre ikkje kunne sjå, og så tala ho med dei:

– Jau da, e sjer dokk rett ja. Dokk ha dårt og e ha mitt. Det æ da røm åt oss alle.
– Ker du tålå ti? spurde grannekona.
– Å det no….ja di her ha no vørre her fyrry oss døm. Døm må no berre få ståk og styr med sitt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *