Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Kona som springbrett…

Det var ei tid ein kunne søkje om skattefritak. Ofte fekk ein det også, når det var tydeleg at det kunne hjelpe skattytaren å kome over ein kneik.

Likningsnemnda i Vik fekk ein slik søknad frå ein mann i bygda. Han grunngav søknaden med at kona hadde vorte så skral at ho lite kunne gjere nytte for seg. Likningsnemnda gav positiv tilråding i saka og sende den vidare til kommunestyret til avgjerd.

Ein av representantane hadde noko personleg utestående med søkjaren og hadde ikkje lyst til å lette skatten for vedkommande. Han fekk ordet og sa:

– Eg tykkjer det er dårleg gjort av han å bruke kona som springbrett.

Etter at han hadde sett seg, reiste han seg på nytt:

– Dersom det er aviser her, så må dei ikkje skrive det eg har sagt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *