Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Kong Alv i Bokn

Paa Alvestad i Bokn skal det ha butt ein konge som heitte Alv. Etter honom fekk garden namnet sitt, er det fortalt. Paa ei sletta nede ved Boknarsundet, der som fyren no stend, er det mange gravhaugar, og segni segjer at det ein gong stod eit stort slag der, og at Alv og kjemporne hans fall der etter ein hard strid. Alt folk i Bokn syrgde yver den fallne kongen; dei samla seg og hauglagde baade han og kjemporne hans. Haugarne kann ein sjaa enno. Fyr ikkje lengje sidan grov dei upp ein av denn. Daa fann dei ei grav som var mura i firkant, og i gravi fann dei bein og ei krukka med oska; men krukka var so morkna at botnen gjekk or daa dei lyfte ho upp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *