Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Kong Kverke

Kverke heitte ein konge som i gamle dagar budde paa Fertingstad paa vestkanten av Skutenesøyi. Straks utanfyr garden (tunet) ser ein merke etter bustaden hans, og eit stykke lenger vest, paa lag midt imillom desse tufterne og havet, ser ein tufterne etter skipsnaustet. Der attmed er det ei tjørn, som dei segjer hekk i hop med sjøen i eldgamle dagar, og der hadde kongen hamn.

I desse tufterne eller røysarne hev dei funne mange ting frametter tiderne. I 1884 eller ikring den tid var det nokre som tok upp ein aaker der attmed røysarne, og daa fann dei ei grav med vene slette murar ikring og ei stor hella uppyver. Gravi var større enn dei brukar aa grava no, so det saag ut til at det var ein velvaksen kar som der var nedlagd. Paa denne staden skulde det vera at kong Kverke var hauglagd.

Kong Kverke budde paa Fertingstad i dei dagar daa kong Agvald styrde paa Agvaldsnes. Desse tvo kongarne var ei tid so gode vener at dei gjesta kvarandre rett som det var. Ein gong var kong Agvald i jolelag hjaa kong Kverke og hadde tri døtter med seg. Kva det daa var som kom upp millom kongarne, skal eg ikkje kunna segja; men dei vart uvener, og best som dei sat med bordet, sprang kong Agvald upp og fór heim med ein gong. Døtterne fekk han ikkje med seg; for deim vilde kong Kverke hava att til trygd fyr seg, til dess dei kunde verta samde att.

So var det ikkje lengje fyrr kong Agvald kom att med ein stor her. Han vilde no fyrst hava døtterne sine att, og fekk han deim ikkje med godo, so vilde han taka deim med magt. Han laag med heren sin eit stykke nordanfyr Fertingstad, paa Stavasletta.

Kverke hadde og samla ein stor her som han hadde paa Fertingstad. Baae herarne gjekk imot kvarandre, og det vart eit mordisk slag ikkje langt ifraa Fertingstad-elvi. Der fall kong Agvald og mange andre folk paa baae sidor. Daa dotterne hans Agvald fekk vita at far deira hadde falle, daa reiv dei seg lause og sprang paa elvi, og der bleiv dei. Sidan, daa det var ende paa slaget, tok dei upp-att liki av desse møyarne. So lagde dei kong Agvald og alle tri dotterne hans i den same haugen. Dei sette nokre steinar paa haugen, og dei steinarne kann ein sjaa den dag i dag.

Sidan døydde kong Kverke, og daa vart han lagd i ein haug attmed «Røysarne», som fyrr er sagt. I same gravi vart og nedlagd ein gullkalv.

Etter kong Kverke er det garden hev fenge namn. Det skrivst Ferkingstad, og det skal vera det same som Kverkingstad eller Kverkestad; men folk segjer no Fertingstad.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *