Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Kongarne paa Forsvoll

Paa Forsvoll paa Rennesøy budde det tvo kongar. Det var i Harald Haarfagre si tid. Dei hadde alltid 70 mann hjaa seg paa garden, og dei kunde tronge endaa fleire; for det var so fullt av røvarar paa Rennesøy den tid. Røvarane vart alltid fleire, og dei gøymde seg i skogen, so det var raadlaust aa finna deim. Paa resten laut dei brenna upp skogen.

Desse kongarne hadde tri stader til aa avretta folk. Den eine staden var paa Gravdalsfjellet; der skulde brotsmennerne springa utfyre. Den andre staden var ned-under fjellet; der skulde dei halshoggast paa ein lang og smal stein. Den tridje staden var paa ein haug.

Daa Harald kom, vart det ende paa desse kongarne. Den eine fall i Havsfjord-slaget, og den andre bleiv i Forsvollsvatnet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *