Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

KONGEN SOM BUSETTE SEG PÅ NERSTØL

Det budde berre ein mann på Nerstøl i Eiken før i tida. Han hadde fleire soner heime, men ein gong dei hadde gjenge ubedd i eit bryllaup, fall dei ut med faren og strauk sin veg. Ein av gutane, Johannes, for til sjøs i mange år og kom tilslutt til Ausindia der han slo seg ned på ei av øyene. Her gifta han seg og blei rik og mektig, så han levde og styrde som ein konge. Men så blei han sjuk, og lækjaren sa at ville han vinna helsa si att, laut han fara heim. Han kom så til Nerstøl og busette seg der, men kona blei att i India. Det gjekk fleire brev mellom dei, og ho sende så mange pengar han ønskte. Folk fekk stor vyrdnad og age for han, og på tinget stod både skrivaren og alle dei andre storkarane og bukka og helsa når han kom. Det kunne ikkje vore meir om så sjølve kongen hadde kome. Han la seg ikkje ut med folk på tinget eller andre stader, men sat berre og smilte og lo når vrantne saker blei handsama.

Då han var død, fekk arvingane uhorveleg mange pengar, men kor mange det var fekk ingen vita.

*     *     *

Om Johannes Nerstøl er elles fortald at det var som militær han kom seg fram i dansk India. Han måtte ha rike evner, for då han kom heim kunne han fem utenlandske språk. Han fekk tilbod om å bli språklærar i Mandal, men avslo.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *