Internt referansenummer: 15.03.16 – Bok
Kilde:
Eventyr og Segner
Barnerim, ordtak og gåter
Folkeminne frå Salten II
Av: Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 54
OSLO 1944

Kongen som ville bli ung att

(Nordfold)

Oskefisen
Det var ein gammal konge som hadde så mot å bli ‘ung att. No hadde han høyrt gjete det skulle vera eit ungdomsland ein staden, og der fanst det eit eple som var slik, at den som fekk eta av det, ville yngjast opp att.

Han hadde tre søner, denne kongen, og no skikka han dei i veg å leita etter ungdomsland. Dei to eldste slo fylgje, dei var så brå av seg og ville reisa snart, dei, men den yngste sa han ville gje seg betre tid, såleis kom han til å bli gangande åleine. Då han hadde reist langt og lenge, råka han på ei gammal kjerring.

«God dag, bestemor,» helsa kongssonen.

«Gud signe! Det er no sju vedfall sidan nokon kalla meg bestemor. Og kunne eg berre gjera deg eit bestemorstykke, så ville eg gjerne det,» sa kjerringa.

«Kan hevda du kan gjera meg ei teneste, du,» sa kongssonen, og så tala han om det han hadde til ærend. «Vi er tre brør som skulle reisa til ungdomsland og leita opp eplet; men dei andre var så brå på det så dei strauk frå meg.»

«Det skal du ikkje attlet noko på,» sa kjerringa. «Brørne dine finn aldri fram til ungdomsland, og langt mindre eplet de er ute etter.»

Så bles kjerringa i eit horn og kalla åt seg alle dyra i skogen, og då ho hadde dei samla, tok ho til å spørja dei ut, unna for unna, om dei visste av ungdomsland; men dyra kunne ikkje svara på det. Men då sa kjerringa: «Eg har ei syster, ho er buande nord med sjøen, minder ho kunne vita det.» Så viste kjerringa kongssonen åt systera.

Han reiste no både langt og lenge, til han sluttpå var nord med sjøen; der råka han ei gammal kjerring att, ho var noko meir på alderen, denne, enn den fyrste han tala med.

«God dag, gamle bestemor,» helsa kongssonen.

«Gud signe deg! Det er no sju vedfall sidan nokon sa bestemor åt meg. Og kunne eg no berre gjera deg noko bestemorstykke, så ville eg det.»

«Eg trur gjerne du kan gjera meg ei teneste,» sa han, og så fortalde han om det han reiste etter, og om brørne som hadde stroke frå han.

«Du skal ikkje ha nokon attlet for det,» sa kjerringa. «Brørne dine finn så visst ikkje ungdomsland, og langt mindre eplet.»

Så bles ho i eit horn og kalla åt seg alt som lever i havet, både det som søm og det som krek. Fyrst ville kjerringa ha å vita om alle var samla: men då det bar til å sjå etter, var ikkje kvalen komen. Alt med dei bia, spurde kjerringa dei ut om ungdomsland; men ingen visste det. Så kom kvalen.

«Kor høver det til du kjem så seint?» spurde kjerringa. Kvalen sa han var i ungdomsland identid kjerringa bles i hornet så han visste ikkje å gjera det snarare.

«Kan du no bringa denne glunten ditett?» spurde ho så.

Det kunne han ta på seg, sa kvalen. Men innan det bar i veg, fekk kongssonen vita kvar han skulle leita etter eplet. «Det fyrste huset du kjem åt, er kongsslottet,» sa kjerringa. «I det romet som vender ut mot sjøen, vil du finna ei prinsesse som ligg og sov. På veggen attmed senga er det eit skap, der ligg eplet; så vil du bli vis ei flaske, den får du ta med åt meg. Men ein ting må du vara deg for, du må ikkje vekk åt prinsessa, gjer du det, vil det bli bågt for deg å koma or landet.»

Då kongssonen hadde fått kunnskap om alt, sette han seg omskrevan på kvalen; så bar det i veg til ungdomsland. Fyrst dei var frame, så kvalen: «No ventar eg her alt med du er oppe; men du må gjera det så snøgt du kan, og når du har funne det du leitar etter, må du ikkje hefta deg bort med noko anna.» Det lova kongssonen, og gav seg i veg åt slottet. I det romet som vende ut mot sjøen, låg den sovande prinsessa; han fann eplet og flaska på den staden kjerringa hadde sett han til å leita. Sidan det gjekk så greitt å finna fram, så syntes han det kunne vera modig å sjå seg om urlite innan han forlet romet; men alt med han gjekk der og skøa, kom han til å fløy over ende noko sylvbrask som stod der så prinsessa vakna. Då kongssonen fekk sjå kor pen ho var, vart han så handfallen han gløymde av alt. Men best det var, la prinsesa til å seia: «Hitett er du komen, men du skal ikkje koma deg her ifrå.» No fekk han tankane for seg; han skjøna han hadde gjort gale og la på dør; men innan han nådde sjøen, var heile landet i opprør, og kongen kom etter med stor hermakt.

«Du var for lenge borte, glunt. No spelar det om livet vårt,» sa kvalen.

Så sprengde kvalen i veg med kongssonen på ryggen. Då dei hadde fare eit stykke, vart dei vis at kongen heldt etter dei med alle sine krigsskip. «No må du halda deg fast,» sa kvalen, og så dukka han under. Kongssonen la til å ropa: «Du kjøver meg!» Men kvalen sa berre: «Like vondt hadde eg det då eg reddast for deg alt med du var på slottet.» Så fløytte kvalen seg.

Men då dei hadde fare eit tid, tok dei til å bli så hardt søkte av krigsskipa så kvalen laut under andre gongen, han sette no djupare, og kongssonen kjende ikkje anna enn han ville forgå. «Du tyner meg!» skreik han. Men kvalen sa berre: «Like illt lei eg då eg reddast for deg alt med du var på slottet.» Så fløytte kvalen seg, og kongssonen fekk pusta.

Det gjekk no bra eit langt stykke, og kongssonen tok til å tru dei var over fåren; men best det var, hadde dei fått krigsskipa innpå seg å nyo. «Haldt deg no fast!» sa kvalen; så sette han under tredje gongen; og no gjekk han så djupt og var så lenge under at kongssonen kjende ikkje anna enn han ville missa pus¬ten; han ropa over seg i redsle. «Det har vore på det verste no,» sa kvalen. «Men like vondt måtte eg li då eg reddast for deg alt med du var på slottet.»

Då dei kom tilbake til kjerringa som hadde skikka kvalen i veg, ville ho ha å vita kor det hadde gått. Ja, kongssonen drog flaska or lommen og gav henne. Så delte ho det som var i; den eine helvta tok ho sjølv, den andre skulle han ta med åt systera, sa ho. Kongssonen gjorde som kjerringa bad han; så gav han seg heim åt faren. Dei to brørne hans var alt komne, men hadde gjort måfåreis. Så let han faren få eplet, og då den gamle kongen hadde fått i seg den fyrste helvta av eplet, var han åt å kjenna seg bra yngre; men då han hadde ete det andre halveplet, vart han som ein ungdom i sine beste år. No vart han så over seg glad at han kåra ut den yngste sonen til å arva land og rike.

Etter han var komen heim, kongssonen, tok han til å stunda så hardt etter å få møta att prinsessa han hadde sett i ung¬domsland; ho var i tankane hans både fyrst og sist, og sluttpå kjende han det så han fekk ikkje rist eller’ ro minder han gav seg i veg og leita henne opp.

Han tok heimanav, og no gjekk han i eining til han kom åt kjerringa som rådde over alt som lever i havet. Og fyrst han hadde helsa, sa han: «Eg er no på ferd tilbake til ungdomsland.» Så fortalde han om prinsessa som han hadde fått så godt for, og til sist bad han kjerringa kalla åt seg kvalen. Ja, ho sette hornet for munnen og kalla åt seg alt som lever i havet; så bad ho kvalen føra kongssonen til ungdomsland. Men just då dei var i ferd med å ta laus, sa kjerringa: «Eg ankar på du kjem ikkje til å få rett for turen minder eg seier deg kor du skal gjera når du eingong kjem åt kongsgarden. Det høver slik til med prinsessa; det har vore trolla over henne, så ho medkvart vert usynleg. Når du no kjem åt romet hennar, vil det visest som senga er tom. Men du skal skjera deg i veslefingeren på høgre handa, så let du det drypa blod på hovuddyna; på det viset vil ho bli synleg, og du får henne løyst frå trollskapen.» Kongssonen takka for god rettleiing. Han kom åt slottet, og gjorde som kjerringa hadde sagt; fyrst han hadde merkt seg med kniven så han fekk blod over hovuddyna, vart prinsessa synleg.

Kongssonen fortalde om heime, og om faren som hadde skikka han i veg etter eplet. «Og no er eg komen hitett andre gongen,» sa han, «for eg stunda så etter å sjå deg att».

Denne prinsessa hadde fått den lovnaden av far sin, at fyrst ho fann ein ungdom ho syntest vel om, så skulle ho få han til mann. Då ho kjende ho var fridd frå trolldomen, så skjøna ho det var den rette han som no var komen. Så var ho etter eit eple og let han få, og då han hadde ete det, vart han omskapt og stod der ein prins så pen det berre lyste av han. For du skjønar han var Oskefisen, så det hadde ikkje vore vidare stas med han slik han før vistest.

Oskefisen vart vel fagna då prinsessa tedde han fram for foreldra. Så bar det til å styra i stand til bryllaupet. Prinsessa var einaste barnet, så foreldra syntest dei laut ta noko stort til; dei bad åt seg alt storfolket kringom i heile riket. Og då dei hadde vore åt kyrkja, lyste kongen ut at han var meint å leggja styringa over i yngre hender.

Såleis kom Oskefisen til å bli eigar av to kongerike.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *