Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

Konsertar og teater i Haugesund

Byfut Martin Nielsen og bådnå hans var musikalske. Dei spela piano, fløyta, fiolin og cello og hadde konsertkveldar heime for seg sjøl og goe venner. Stort hus hadde han — det som nå er kommunalt kurbad sør med Vedalmenningen. Det fall derfor av seg sjøl, at dei kom te å ta seg av kunstnerar som kom te byen for å gi konsertar, og då byen ikkje hadde høvelege lokaler ble det samanskotskonsertar heime hos byfuten, er det fortalt meg .

Seinare blei konsertane offentlege — i store-salen på Jonassens hotell, i gymnastikksalen på middelskulen, i handverkarforeningen og godtemplarlokale. Det var ikkje nett så storarta lokaler verken for publikum eller kunstnar, men dei var visst ikkje verre enn i andre småbyar, for kunstnerane kom tebars. Store kunstnerar som Olufine Moe, Camilla Wiese, Barbara Lassen, Erika Nissen, Agathe Backer-Grøndahl, Kaja Eide, Thorvald Lammers, Percy Grainger, Eva Mudocci og Bella Edwards og mange fleire.

Ein kveld kom organist Haarklou inn te meg og spurde om eg kunne ordna med kjerkekonsert for han. Jo, det kunne bli ei råd med det. Han fortalde han hadde statsstipendium for å reisa rundt i bygdene og halda kjerkekonsertar. Nå kom han frå Skånevik og hadde gått te fots heile vegen. Her var ikkje bilar då og ein kunne gå mest lika fort som ein kjørte. Ikkje har vel staten vore så svært raust med stipendiene heller i den tiå.

Det blei gilde konsertar. Eg minnest den i Torvastad best. Me tok båtskyss øve te Vikjå og der sto Fridtjof Øvrebø og Bendik Stange med hestaskyss og tok mot oss. Kjerkå var fullsett då me kom fram. Eg hadde venta det Og, for det har alltid vore sers vakne norsklynde folk i Torvastad og dei hadde venteleg lyst te å sjå og høyra den store organisten som hadde sett tone te mange av Sivle sine nasjonale dikt.

Det var litt meir arbei å arrangera konsertar og teaterframsyningar då enn nå. Me måtte på byen og låna piano og møbler og det var ikkje gjort i ei snøggvenda. Garderobe var det ikkje i noke lokale. I den tiå, det var mote med store dame-hattar, måtte eg fram for scenen og be damene ta hattane av når teppe gjekk opp. Det hadde ikkje nytta å be dei gjera det før, for her var ikkje frisørsalonar for damer då — berre noken damer som gjekk rundt og pynta brurer. Eg fekk alltid stor fagning før det ekstranummere.

Billettprisane var jamnast kr. 1,50, 1,00 og 0,50. Lokale kosta 50 kroner, men dei som stellte med det var rimelege og slo av når det var lite folk. Det blei ikkje møkje netto, men for det meste var kunstnerane nøgde.

Her reiste ein del danske teaterselskap. Dei spela i den gamle handverkarsalen og der var trongt både for kunstnerane og publikum. Men etterat salen var ombygd i 1896 blei det bedre. Då kom Olaus Olsen med sitt teater og vigde lokale. Publikum møtte fram i finaste puss og teaterdirektøren leste prolog. Etterpå spela dei «En mor» og der blei leverop og hurra. Olsen var ikkje møkje tess, men fru Marquard Olsen var det alltid hugna å sjå.

Ei a’en danskfødd skuespelarinne var fru Ludo-vika Levy Lavik. Hu var ei av dei beste som kom innom her. Bysbarne vårt, Ole Børseth, var med i det teatre. Han var emne te ein stor kunstnar, men døydde tileg.

Så var her turnar frå Den nasjonale scene i Bergen og Nasjonalteatret i Oslo. Det var av dei store kveldane. Likaeins då Den norske operaturneen var her og førde fram Trubaduren og Traviata.

Egil Eide var her mange gonger og blei fagna som den store kunstnaren og goe haugesundaren han var. Me hadde mange hugnastunder då. Men ein gong var han skøyten. Han og eit par kollegaer var ute på lysttur og så tok dei seg føre og sku spela scener av Oehlenschlågers Aksel og Valborg i gymnastikksalen på middelskulen — uten kulisser. I ei scene kom han stormande inn, såg seg rundt, slo ut med hendene og ropte: «Er dette Trondhjems kirke, hvis ry har bredet sig til selve Rom? Ha, hvilke søiler! Ha, hvilke buer»!

Det greidde ikkje publikum. Dei såg på ribbeveggen og klatrestengene — og skoylo.

Her reiste eit godt selskap, eg trur det kalla seg Nasjonalturnen. Ein kveld dei spela «Paul Lange og Tora Parsberg» hadde eg seld billettar te fleire enn der var plass te. Eg måtte då plasera eit lag unge mannfolk på ein bjelke som gjekk tvers øve salen oppunder take.

Dei var gode skuespelerane, og då Paul Lange skal reisa te Stockholm og tar farvel med kjærasten sin, var det så syrgjeleg som det kunne vera. Hu gret og damene i salen gret og han trøsta henne og kyste henne gong på gong; men allting må ha ein ende og han snudde seg for å gå. Då ropte ein av dei på bjelken: «Å kyss’na ein gong te»! Publikum lo, men var sinna. Stemningen kom ikkje oppatt.

Det var av og te vrie med å få hotellrom te kunstnerane. Viktoria var godt, men der var ikkje alltid plass og dei andre var det ikkje stort tess med. Eg hugsar ein gong eg hadde fått ei italiensk pianistinne inn på eit anna hotell. Utpå føremid-dagen telefonerte dei at eg måtte koma bort, pianistinna var i ulag og dei skjønte ikkje ka hu sa. Eg bort. Ka det var? «Ich will weisz Brot haben». Det var snart ordna, men seinare på dagen måtte eg bort att. Ka nå ? Jo, der sat to karar og drakk øl i salongen då hu øvde seg på pianoe. Den eine hadde kome bort, klappa henne på armen og sagt: «Spel den der ein gong te». Då blei hu hysterisk og eg måtte få henne inn ein annan stad.

Det var ei tid godtemplarlosjane hadde eit utifrå godt dramatisk selskap: Berta Sund, Helene Norheim, Sina Frantsen, Gunda Scheweland, Kari Stokkedal, Lars Meling, Hellie Dagsland, Jacob Monclair, Olaf Risøen, Ole Børseth og fleire som eg ikkje hugsar namn på. Dei synte fram mange goe spelstykkje, men best gjore dei det med «Dampskipsfeberen», ein haugesundsrevy som Lars Meling hadde skreve.

Det var goe tier i sild og skipsfart, og alle som hadde penger eller kunne få låna var hissige etter å vera med på part når det blei kjøpt eit dampskip. Og det blei kjøpt mange. Folk hadde «dampskipsfeber».

Ivar An Christensen var agent i gamle dampar og i terminspekulasjon i «Short ribs» (flesk) på børsen i Chicago. I revyen kjem han inn på kon-tore te Gjerdsjø & Bakkevig og der sit Tormod Bakkevig med borde. Ska det være et dampskip i dag, Tormod?» «Nei!» «Eg har en tusentonner». «Nei, høyre du!» «Eg har en på 2500 Og». «Grav deg ut». Christensen gjekk men snudde seg i dørå: «Ska de’kje være litt Short ribs heller?» Men då klemde han dørå fort att, for han såg Bakkevig tok etter blekkhuse.

Der var mange goe typer på skipsreiarar og jobberar i revyen, men alt var harmlaust så ingen blei fornærma. Ein kveld kom gamle Stener Hervig stabbanes nordøve gåtå. «Kor ska dokke hen, Hervig?» var det ein som spurde. «Eg ska på godtemplaren. Dei seie, dei spela meg der og nå vil eg sjå, koss dei får det te».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *