Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

Konsul L. J. Eide og Byfut Martin Nielsen

Dei var innflytterar som minst 90 % av byfolkje den tid. Eide var frå Sogn og Nielsen frå Grue i Hedmark. Dei var med og skapte byen frå fysste stund og derfor elska dei ‘an.

Eide var ordførar i 1861 og seinare i alt seks gonger, siste gongen i 1881. Han var hamnafut og mønstringsmann (Indrulleringsbetjent som det heitte då). Han var forlikskommissær og varamann te stortinge i mange år. Attåt alt anna hadde han tatt opptake te å skipa Haugesunds Sparebank og var kasserar der te 1899. Lenge dreiv han forretning i sild og skipsfart.

Martin Nielsen var fullmektig hos sorenskrivaren i Ryfylke i 1855 og kom såleis te å vera med i arbeie då ladestedet Haugesund sku skiljast ut frå Skåre. I 1862 var han magistrat og saman med ordføraren, L. J. Eide, forma han utkaste te lov om «Ladestedet Haugesunds overgang til kjøpstad».

Det er derfor ikkje å undrast på at dei elska byen og gledde seg for kvart framsteg i folkemengde, forretningsliv og kultur.

Dei fortalde at det i gamlatiå kom ein mann inn på magistratskontore og sa han tenkte på å gå i gang med bakeri. Det var fint, meinte Nielsen. Her var bruk for bakerar, helst i fiskjetiå. «Eg må vel ha borgarbrev då»? sa mannen. «Det må du og det er ingenting i vegen for at du kan få det». «Ja, det er det, ser dokke, at eg har’kje penger te å løysa det med. Dokke kan vel ikkje ta brød for det»? «Ta brød for det? Jo-gu kan je det. Je ska si te kona mi at hu ska ta brød hos dig. Ja-gu ska je det ja. Bare begynn du».

Han var ein stor barneven og varskudde ungar som rente på kjelke i gatå: «Kom dere vekk, jeg så Nymann her borte i gata».
Eide hadde det på same måten. Han gledde seg for kvart barn som blei født i byen og for kvart menneske som flytte inn. Eg har høyrt fortald frå den tid han var mønstringsmann at ein mann kom inn på kontore og spurde etter eit farty, om Eide visste kor det var?

Nå var det med Eide som det plar vera med eldre folk: Han var litt forveten. «Hvorfor spør du om det»? «Eg ska ha fat i ein mann ombord». «Hva ska du med ham»? «Han har fått barn med syster mi». «Nei, har han det du. Hva ble det – gutt eller pike» ? «Det blei tvillingar”. ”Ble det tvillinger! Gud velsige ham”.

Frå fysst av held Haugesunds Sparebank te i «Tauhuse» nere med sjøkanten på søre siå av Torjå og bankkasserer Eide hadde såleis god sikt øve sunde og kunne fylgja med i det som hende der. Ein vinter gjekk han og venta på silda – hu blei noko sein, totte han. Men så ein dag såg han ein båt kom inn, lasta med sild og la te Torjå. Eide vrei nøkjelen om i dørå, sprang ner og hoppte ut i sildadungen som han gjekk og sto. Den velsigna sildå var endeleg komen og byen berga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *