Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

«Konungen» paa Kongsberg

Paa Kongsberg livde seinst i 1700-tale ein mann dei kalla Konungen (Kongen).

Han hadde pengar, som det stod slikt gjetord av. Dei som var so hepne, at dei fekk ei einaste mynt eller ein setel av desse pengane, vart rike paa eit lite bil; for dei traut aldri og let seg ikkje handle burt, men kom attende av sjaveseg i lumma til den, som hadde fengi dei. Einast naar dei vart gjevne burt vart ein kvitt dei; men i all handel og veksling kom dei attende, og ein kunde difor veksle til seg so mykje pengar ein vilde med dei.

Ein, som heitte Olav Haugstogo i Flatdal, fekk ein femdalar-setel av Konungen; han vart grunnrik um faa aar, og kaupte baade Haugstogo og Bruhaug i Flatdal.

Men so ei gong raaka det so, at Konungen reiste gjenom bygdi og kom inn paa Bruhaug. Ingin kjende honom; han bad um mat, men kjerringi til Olav nekta ‘n det.

Daa segjer Konungen: «Eg hjelpte dikkon til rikdom og stor vælferd paa sju aar; men no ser eg, at de ikkje gjer større gagn av alt saman og er so vondhjarta, at de nektar ein vegfarande, svoltin mann ein matbite; difor skal de um sju aar bli so fatige, at de lyt gange rundt i bygdi og beda etter matbitar.

Plent som Konungen hadde sagt, soleis gjekk det au.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *