Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Korleis det vart bru ved Einbu


Det er Syver Kjønnsletten som fortel:

Bestemor mi var frå Einbu. Ho heitte Jøda. Ho vilde endeleg ha ein som heitte Syver Kvam frå Sy-Kvam, sonen hans Jesprikt. Han var snikker, og hadde gått i lag med 'om Ola Nordistugun Einbu i Trondheim. Men foreldre hennar vilde ikkje gå med på at desse tvo fekk einan'. Syver vart da så lei seg at han tykte det var best å korna burt frå det og så drog han til Drammen. Foreldre hennar Jøda fekk da ordna det så ho vart trulova med Per Ni-Einbu, men mot hennar vilje. Dei fekk ho til å fløtja til Ni-Einbu med, men ho vart ikkje lenge der. Ho fløtte heimatt. Og så tok ho i vegen og gjekk til Drammen og leita upp han Syver, og fekk viljen sin gjennom.

Mor hennar Jøda heitte Eli, og var syster åt Gamel-Kvammin. Det er sagt at ho gret berre tvo gonger i heile sitt liv. Den eine gongen var da ein ukse stanga forderva mannen hennar, og den andre gongen var da ho Jøda kom heimatt med pargaset sitt frå Ni-Einbu.

Det skulde vera ho Eli som fekk bygt Einbusbrue for ein pel brennvin. Dette var i slutten tå 1700-årom, truleg kring 1790.

Korleis dei hadde greidd å koma burtum elve før, er ikkje heilt visst, anten dei hadde åfløyer, eller dei hadde eit va' som dei rei over på hestryggen. Når elve er litor, kan det nok gå an å koma over berrføtt. Men korleis del så greidde å koma seg over, måtte det likevel vera leit og travaleg ikkje å ha bru. Og ofte har nok dette vore nemnt på, mann og mann imillom. Men så vart det da endeleg bru, og det bar til ved eit artig snugje tilfelle, som syner kor lite som skal til når tie er kome.

I dei ti'om var det skikk og bruk at grannar korn sannan stundom i småjulom og sat i koseleg lag, og praten gjekk um alt dei berre kunde koma på, undatiki politikk i vår meining, for det var vel ikkje påkome ennå. Lite sterkt kunde dei ha å kveike seg med, så vidt munnen gjekk lettare, og tobakspipun var nok flittogt bruka, så røyken låg stinn i stugun.

Eit slikt lag sat ein kveld i Systugun Einbu. Mannen heitte Sjugurd og kjeringje var ho Eli, som før nemnt, dotter åt Gamel-Kvamma, og eit grepa kvinnfolk. Det gjekk slik i dette laget med, som det altfor ofte vil gå når det er sterk-vare framme, at det vart slut på drammom for tidleg, og karan var kome i det mulet at dei vilde ha meir. Og da var gode råd dyre. Kvar i verd'n skulde dei få ein pel? Ho Eli gjekk der og hyrde og såg, og tenkte sitt. Da ho tykte at hennar ti' var kome, gjekk ho burtåt karom og sa at vilde dei setja ein finger i bordet på at dei til våren vilde byggje bru over elve, så skulde det bli ei rå' med ein skvett sterkt. Karan såg på einan', og etter ei stutt sam¬rå'ing vart dei einige um å byggje bru, og sette så fingeren i bordet. Det var sakte rekna som å gjera ei'n på lovna'n, og så kom brennvinspelen på bordet.


Det kan vel hende at karan, på lag som jomsvikingan i gamle dagar, tykte dei hadde lova vel mykje da dei klårna i hugu. Men ingen vilde brote lovna'n. Kan godt vera at dei kjende ho Eli så godt at dei visste kva dei fekk gå gjennom, um dei nå skulka unda. Og straks over jul vart timber framkøyrt, og brue vart påhavt. Djuplagje vart lagde på tri brukjær, og slik sto ho i over hundre år. Sjølsagt vart ho stelt på ein gong i millom. I 1898 vart brue umattbygd og sett på peler. Men desse sto ikkje for isgangen, og brue reiste tvo gonger med is-for, ein gong i 1907, andre gongen 1926. I 1927 vart brue atter umattbygd med brukjær, slik som ho var frå fyrsten.

Hamarbrue er nok ein god mon eldre enn Einbusbrue, og er truleg eldste brue over Rauma her over. Frå fyrsten sto ho ved ein berghamar lenger sør.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *