Kilde
FOLKELIV I SETESDAL
Av Svein Hovet
Rune Forlag
Trondheim 1969

Korn og kvernhus

I mest alle større bekker og elvar i Setesdal,
var det kvernhus, og hadde bygda berre ei einaste elv som kunne nyttast
til kornmaling, var der gjerne fleire kvernhus i same elva. Utpå
hausten når folk hadde treskt kornet, vart kornsekkene samla ved det
vesle, grå kvernhuset, og kvernsteinen murra og mol det dyre korn
gjennom dei lange, svarte haustnetter. Møllaren fekk ikkje sova, han
skulle vaka over kornet og kverna, for gjekk ho seg tom, var det fare
på ferde.

Det var ei nesten heilag gjerning å mala korn, for når alt kjem til
alt, er kornet det verkelege gull i verda. Ja, i uår og røyningstider,
når folket lever i naud og svolt, er det mykje meir verdt enn gull. Den
som held på å døy av svolt, kan ikkje bergast med ein gull-klump, men
får han ein neve korn, vaknar det straks von om liv.
Gjennom alle tider har kornet vore ei veldig makt i menneskesamfunnet,
det har fått både dei styggaste og vakraste tankar til å bryta ut. Det
har fått ærlege folk til tjuvar, når det spela om liv eller død for
kona og born, og det har fått gleda til å jubla i såmannens hjarta, når
det lova han rik grøda.

Ingen kan vel med vissa veta kva tid menneskehanda for første gong la
såkorn i jorda, med tanke på å skaffa avling og mat. I Bibelen les vi
om Ruth som gjekk på åkeren og sanka aks, og det eldste kornslag som
ein kjenner til, hirse, har ein fått provi for vart dyrka alt i
steinalderen. Nå er det mange slag korn, men la oss her -berre tala om
kornet — det kornet som gjev mat til menneske, anten det nå heiter
bygg, havre, kveite, ris, durra, eller mels. I Setesdal er det nok bygg
som har vore mest dyrka gjennom tidene. Det er eit hardført kornslag
som er kjent alt frå steinalderen. Elles er det vel kveiten som er
viktigaste matkornet i verda.

Det er interessant å merka seg at kornet og kvernhuset har skapt ein
heil litteratur omkring seg. Både i poesi og prosa har kornet blitt
hylla i varme og vakre ordeleg, helst ved mogningstid når gule,
mat-tunge aks vogga i vinden. Og alle som ein vakker haustdag har stått
ved ein bølgjande kornåker, har nok kjent ei gripande stemning stiga
opp i seg.

Men det er kan henda i lyrikken dei vakraste ord er sagt om kornet,
anten det nå var ved såtid eller mogning. Når kornåkeren stod gul og
skjær og venta på skurfolka, var det ei spanande tid. Det var så mykje
som stod på spel då, fordi ei einaste frostnatt kunne øydelegge det
heile, og så vart det svartår og svolt.

To sers viktige ting for sjølberging i matvegen har gjennom alle tider
vore kornet og kvernhuset, d.v.s. så lenge som kvernhuset har vore til.
Kornet er berre så mykje eldre enn kvernhuset, og nå har dei atter
skilt lag — truleg for godt. Dette vesle grå tømmerehuset som har vorée
å finna i så mange bakker og elver, har alt rotna ned mange stader, og
blir vel snart berre å finna på musea.

Den første primitive kornmaling ein kjenner til, gjekk for seg på den
måten at kornet vart knust mellom to steinar, kan henda finst det endå
naturfolk som driv kornmaling på den måten. Sidan kom handkverna, eit
sers einfelt apparat med to runde kvernsteinar. Den øvste steinen vart
sveiva rundt med mannemakt — eller kvinnemakt. Vi kjenner folkevisa om
Inga Litimor som sveiva handkverna i kongsgarden, og song så vakkert at
ho trylte alle som høyrde det.

Nest ettter vinden er fossekrafta den første naturkraft som menneske
tok i si teneste, og det var til kornmåling. Historikarane meiner at
slike vasskvernar var kjende i Roma alt på Kristi tid. Men når dei kom
til Norden, veit ingen for visst. Det fanst og kvernar som vart drivne
av hestar eller oksar.

Men det norske kvernhuset er nok bra gammalt likevel. Ser vi over dei
mørke, sprukne tømmerveggene, møter vi namn og årstal som fører nokre
hundradår tilbake i tida. Kvernhusa var oftast små, 2-3 meter på kvar
kant. Mjølkista som stod innåt kvernsteinane var nok det av inventaret
som tok mest rom. Dei enkle reidskapane ein finn der inne, er jamnast
vel slitne. Her har gått mann etter mann og male det dyre korn. I
svarte haustkveldar kom dei slitande med kornbøra på ryggen, og gjennom
den lange natta stod dei der med den osande parafinløkta og såg etter
at det kvite mjølet sildra fint ned i kista.

Kornet hadde kosta så mykje slit før det kom så, langt. Når skurdonna
og det meste av det andre gardsarbeidet var unnagjort om hausten, kom
korntreskinga. Det var eit seigt arbeid den tid dei brukte flygel,
eller slagvoll, til å banka kornet av med. Så laut kornet på badstova
for å tørkast. Det gamle tørkehuset har blitt heitande badstove frå den
tid det vart brukt til laugarhus på garden. Der vart kornet lagt på
breie pallar av netting, og så tok dei til å fyra i den store
steinomnen. Først når kornet var tørt og hardt som stein, kunne dei
bera det til kverna og mala det. Det var oftast utpå seinhausten at
kornmalinga stod på, helst i flaumtid med rikeleg vatn i elva, og då
gjekk kverna dag og natt.

Mange stader var det slik at kvar gard hadde si kvern, men det var og
vanleg i Setesdal at to eller tre gardar hadde kvern i lag. Men det var
ofte slike elvar som til vanleg hadde lite vassføring, og mang ein gong
laut dei venta med malinga til flaumen kom. Men då vart det straks fart
i alle kvernar, og dei små kornsekkene kom og samla seg opp ved
kvernhuset.

Omkring kvernhuset har det og gjennom tida blitt ein heil litteratur,
ikkje av høgstemt lyrikk og solstråleforteljingar, men svarte segner og
skrømtsoger. Ja, for det skulle ”spøkja” så fælt i dei gamle kvernhusa,
der var så mange rare lydar å høyre, og gjennom dei svarte haustnettene
kunne ein sjå underlege lysglimtar omkring kvernhuset. I fossen under
kvernhuset budde Fossegrimen og andre underjordiske skapningar som
berre var ute i mørkret. Dei kunne finna på så mangt, dei kunne iblant
ha moro av å stoppa kvernkallen, så ikkje møllaren fekk mala kornet
sitt. Då sat dei hiksta og lo nede i fossen, medan møllaren banna og
svor for å få kverna i gang att.

I folketru og folkefantasi grodde det opp mystiske ting ved det vesle
solbrune huset med kvernkallen. Men dette har på ein måte ein naturleg
bakgrunn. Vi skal hugsa at det berre var i svartaste årstida at
kvernhuset var i bruk, om hausten og vinteren, og folk trudde på skrømt
og attergangarar, som ein berre kunne møta
mørkret. Når møllaren sat der og lydde til det einstonige orkestret frå
kvernkallen, kvernsteinen og fossen, kunne det sikkert koma mange slag
bilete fram i fantasien hans. Og den bleike parafinløkta som blinka
omkring alle kvernhus, kunne bli til så mange ting i mørkret.

Nå er kvernhuset restar av ei tid som høyrer soga til. Når skurdanno og
treskinga er ferdig, kjem det ikkje lenger nokon møllar med kornsekk og
løkt til det vesle huset ved elva. Dei som dyrkar korn i dag gjer det
heile på ein annan måte.

Men la oss likevel ikkje gløyma det grå kvernhuset, det har gjort si
gjerning gjennom lange tunge tider i landet, då det galdt om å livberga
folket.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *