Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Korndyrking i Ytre Senja

Ein kunne få modent korn i Ytre Senja når sommaren var bra, serleg på del vestvendte gardane i Torsken.

«Eit år fekk vi 8 sekkar korn på Flakstad. Eg var då i 18-årsalderen (1888). Vi fekk ikkje ofte så mykje, men vi fekk aldri så lite at vi ikkje hadde såkorn, det eg kan minnes. Det hende at det var to aks på strået, og kornet var rundt og fullt av mat. Han far fekk kornet malt i Bergsvågen ved Harstad, men han Petter Karolussa hadde hatt kvern i Finnelva på Flakstad, men ikkje så langt fram i tida at eg kan minnes det. Vi fekk alltid ein kornsekk malt til gryn.

Først trøska vi kornet med sloga, og så «tinte» vi det, altså trøska det på nytt for å få det reinare. Då fekk vi bort noe han far kalte «veste». Det var agner og snarp. Så sella vi kornet, og til slutt «drøfta» vi det. Det gjorde vi på den måten at vi hadde kornet i eit grunt trau og rista det slik at lettkornet gjekk over kanten, og då fekk vi også bort det svarte ugrasfrøet dei kalte «melde». Såkornet måtte vi «kaste» for å få det så reint som muleg. Før i tida malte dei lettkornet saman med vesten og brukte det i brødbaksten, fortalde han far.»   
(Petrine Jakobsen)

Det finst enno noen namn igjen etter den gamle korndyrkinga i Berg og Torsken. Namn som Mølnekjosen og Mølnefjæra i Berg og Mølnedalen og Mølnevika i Torsken fortel oss tydeleg nok at her har det eingong vore kvern. På dei fleste plassane lever minnet om kverna enno i tradisjonen, og folk kan vise kor ho stod. Kvernsteinane låg ofte igjen borte ved elva lenge etter at kverna var borte.

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *