Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Kortspel i ei rorbu i Lofoten…

I ei rorbu i Lofoten gjekk det so villt til med kortspeling. Han som hadde tillsyn med bua, reiste heim til kvar helg. Soleis fekk dei andre i bulaget rå seg nett som dei lysta. Og oftast heldt dei det gangande natta på sin tamp.

Men no var det ein ung glunt i dette bulaget; han brukte ikkje vera med ved kortbordet; men han sat no jamnast og såg på frametter. Ja, so var det ein laurdagskveld han sat slik og hengde framover kaikanten. Då var det ein som slepte eit kortblad i golvet. I det same han lutte seg ned etter det, la han til å ropa: «Da sit ein hund innpuinn bore!» Dei andre såg no hunden, dei bg; han var kole svart. Og upp frå bordet bar det med dei, og på dør. Men i denne styren kom dei til å velta over lampa. So glunten vart sitjande åleine i myrkret. Han vart no so redd, han, at han fekk eit hjartemein; og dette fylgdest med so lenge han levde.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *