Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Kortspelpengane

Eit arbeidslag i Oppdal var fæle til å spela poker. Det kom også karar frå andre arbeidslag og var med i spelet. Ein kveld tapa ein kar alle pengane sine og han gret da han kom til losjiet for han hadde stor huslyd. Mellom arbeidskameratane hans var det ein kar frå Støren.
–    ”Ker som plaga deg?” sa han.
–    ”E spellt bort alle pengan min borti brakka.”
–    ”Ittnå verr, legg deg berre å såvvå du så ska e vårra mann for at pengan kjem att.”

Kvelden etter vart han med til kortspellaget og sat og såg på spelet. Sjøl fekk han ikkje vera med av di han alltid bruka vinna.

No var det synbart at turen hadde snudd seg. Han som tapa kvelden før sat no og sopa inn kvar einaste potte.

–    ”Ha du fått att døm?”
–    ”Å nei, det mangla nøn kronø enda.”
–    ”Du ha døm snart.”

Og neste spelet gav resten.

Takk for spelet, sa mannen og båe gjekk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *