Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

 

Kosthaldet til dei som dreiv i skogen

Det var lite bytte på med maten for dei som dreiv i skogen. Det var flesk og brød, kakubrød som dei kalla det. Så var det mjuk lefse og hardt brød (flatbrød). Mjølk ville det bli lite av. Det hende at somme kunne ta med ein butt surmjølk først på tida, men etter det hadde sett inn med kulde, var det ikkje å berge mjølka ufrosin inne. Elles var det brukt mye spekesild, både av dei som var borte på skogsarbeid og i hushaldet elles på gardane.

Det var to hardskydde menn frå Dårud i Nordre Land. Dei fór og kjørte over til Lærdal i Sogn og kjøpte opp sild som dei selte utetter bygdene.

Det var ein matrett dei kalla slurring som var mye brukt av dei som dreiv i skogen. Dei skar skiver av flesk og steikte i panna. Så tok dei fleskeskivene opp og hadde vatn i panna saman med feittet. Når dette var oppvarma, rørte dei mjøl i til det vart som ein tjukk velling. Etter det var aust opp, vart det strøydd sukker og kanel over.

Slurring var haldin for å vere god mat. Men det var ein og annan som hadde skral mage, dei ville ikkje tåle slurringen vidare bra.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *