Kilde
BYGDAMINNE fra Beitstad
Samla av Otto Sandhaug
Rune Forlag
Trondheim 1966

KRAFT-KARAR

Forfedrane til Ludvik Almlid i Follafoss.

Men når vi snakkar om kjempekarar, ville det vera urett ikkje å ta med i alle fall to av forfedrane til Ludvik Almlid i Follafoss.

Bestefaren hans på morssida, Lars Jonsen frå Tynset, var ein av dem, ei kjempe som ikkje gruvde for ei ryggbøre om både ho og vegen var noko drygvolen.

Såleis tok han ein dag og pakka dei to jemtlandsbommene sine, den eine med verkty, den andre med klæda og la dessutan i ei høveleg ferdakiste. Lempa så «småtteriet» på ryggen og rugga avstad den lange, lange vegen frå Brekken i Røros til Trondheim med ei bør som vel var bort imot dei hundre kilo, og derifrå til Innherad, der han til å bynne med slo seg ned ved Verket på Ytterøy. Sidan kom han til Malm, der han fann seg kjerringemne og vart gift. Karen Brenna heitte ho. Dei flytta til Almlida i Verran og vart verande der.

Denne Lars skulle vera ein kar det ikkje var så lett å flytte på, var det så at han ikkje ville det sjøl.

Ein annan nære slektning var ein Anders Vestvik i Beitstad, som og var en uvanleg kraftkar etter segna å dømme. Han hadde vervet å vera stotarkonge og skulle millom anna sørge for å skysse fantane av garde vart dei for innpåslitne. Det var mykje av det slaget den tida, så det mang ein gong utarta til ei rein plage og ikkje altid utan dramatiske hendingar når det galdt å få pakket av garde.

Såleis vart vektaren på Namdalseidet skamslegen ein gong i eit slikt oppdrag, og kunne ikkje røkte det vervet lenger. Da var det dei bynte tinge med Anders Vestvik, om ikkje han kunne ta det på seg, han som var ein vaksenkar, for det var just ein slik ein dei trong no.

Han vegra seg til å bynne med, han og, for det var no det, det låg til embetet eitt og anna elles og som ikkje var å stå etter. Men det vart til det likevel, han sa ja til sist og skulle hjelpe dem utor verste knipa.

Dette hadde vel fantane og fått nosa i, at no skulle dei få ein å hanskast med som var noko, så no spurdest det da korleis det kom til å gå. Difor skokka dei seg saman, så det var ikkje mindre enn 18 stykker om han i ein markaås bortpå Eide, der prøveslaget skulle stå — lange svarte fantar med blanke knivar og skarpskodd krigshumør.

Men da Anders kom, stod slaget av seg i ein handvending. Han tok berre den eine fanten og dengde dei andre med. Og han, armingen, fekk så mykje at dei laut bera han bort på to fjøler etterpå, er det sagt.
Hm — ja, han var sterk kar, han Anders, du!

Kvar vår hadde han sin eigen måte med å røkje etter om hestane var i fin form, at dei var å bynne våronna med.

Han sette dei begge i skoklane, er det sagt, medan han sjøl sette seg i stallportgolvet innafor og spente beina mot dørstokken, haldande i hummultreet og hadde godt tak. Klara han da å halde hestane når han køyrde på dem så dei hong i det dei var god for, tok han og sette «hestekreka» hin igjen til meir påforing. Hende det derimot at gubben vart for veik og måtte opp frå golvet med buksebaken, var våronnhestane i den form dei skulle.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *