Kildeinformasjon:
BokaInternt referansenummer:B-21.03.2013
Kilde:
HAURT NÅN SÅLLES
Av: Otto Sandhaug -Trønderhistorier
Rune Forlag, Trondheim 1968
Prenta i Bygdetrykk, Melhus
Teikningar: Leif Grav
Klikk her for å lese om Otto Sandhaug på Wikipedia

Kraft-karar i Beitstad

Jakop Velde på Vikan i Beitstad var uvanleg sterk og vart difor kalla Sterk-Jakop. Men no høvde det slik at det på Østvik òg budde ein kar den tida som heller ikkje var å spøke med, var det makt det spurdest om — nemleg Styrkår.

Desse to kallane dreiv litt heimefiske og var ofte ilag i naustet hans Jakop, og var dessutan så gode bussar, at dei no og da dreiv og tok ryggtak med ein annan for å røyne kven som var den sterkaste av dem.

Men dette endte alltid med at Jakop vart taparen — noko som rimeleg vis stakk han litt no og da, for det er inga moro for ein sterk ein å tape —

Så var det ein haust det kom vekk ei salttynne i naustet hans Jakop. Og ein dag dei var saman der, ymta Vikakallen frampå om det ikkje var Styrkår som hadde teke denne salttynna.

Da sa Styrkår noko som gjev eit mål på kva bjønnmakt det var i ham:

Nei, sa han, æ hi ittj ti salttynna di. Men det va ein dag æ hivd nån tomtynnå oppå læmmen — det e no eit spørsmål da om a hi vyrti med der, uforvaranes…

*****

Ein haust noko seinare Styrkår budde forresten da i Råmåsundet — gjekk han ned i naustet og tok ei sildtynne som Jakop åtte. Det var no ikkje større børa for Styrkår det. Han tok berre eit taug ikring ho, slengde ho på ryggen og bynte å rusle heimover.

Men Jakop, som nok hadde eit auga med kva denne Styrkår tok seg til i naustet, vart snart merksam på det, månelyst som det var, og gav seg i lonkinga etter.

Da Styrkår var vel framme og sette sildtynna ned på burstrappa i Råmåsundet, var Jakop der Og, og da sa han:

Æ veit vel det e sildtynna mi du hi ti, men når du e så sterk at du hi beri a heile vein utan å sett
ned og kvilt, e det det såmmå, du ska få a, og så snakke vi ittj meir om det…

*****

Medan Styrkår budde på Østvik, spurdest det ein dag at han var skrapin vorten, Styrkårkallen, og ikkje den samme som før.

Da tenkte Jakop som så, at no skal du sjå tida endeleg er komen til å vinne på denne hauken som støtt hadde vore den overlegne i alle dei basketak dei hadde bak seg. Og glad var han, for ratt til moro måtte det ha vore endeleg ein gong og fått lagt den kallen i golvet!

Jakop gjekk og gildra seg på dette og gledde seg. Og ein dag la han iveg.

Styrkår låg i senga, men hadde visst kome seg monaleg, for han var i alle fall frisk til å taka ut sinne på den andre etter som dei preintast og smått krangla, og Styrkårkallen litt med kvart meir og meir vart ein eiterorm til å gnikse or seg det eine hardordet etter det andre som reiv og beit — noko som Og forresten var kjærkome i grunnen, for så trong sanneleg han heller ikkje å legge lemsa imel¬lom når det bar ihop med dem, og kallen var ein slik ukoseleg kjeftaure.

Og bar ihop med dem gjorde det.

For da Styrkår skjøna kva ærendet til den andre var, gauv han or senga og knuvla den andre i golvet, til og med i første runde — så han hadde rett friskna til bra igjen, Styrkår, var det likt.

Da Vikakallen kom slarkande heim den dagen, sa han: Æ va ein tosk, va æ, æ drøgd ein dag for læng, det vart æ som fekk juleng i dag å!

Knuvla den andre i golvet

Han gauv or senga og knuvla den andre i golvet.
Teikning av Leif Grav.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *