Kilde
BYGDAMINNE fra Beitstad
Samla av Otto Sandhaug
Rune Forlag
Trondheim 1966

KRAFT-KARAR

Jonas Jamt ved Olvatnet

Det er tid om anna snakk om kraftkarar, folk som etter segna å dømme var reine kjempor.

Jonas Jamt ved Olvatnet på Namdalseid var ein slik, og sikkert ein av dei aller sværaste. Det er eit dryss av sogor om han, om no mange kan hende ikkje har vorte gjort mindre enn dei faktisk var. Men om vi berre held oss til dei som tradisjonen blåheld på skal vera heilt sanne, blir det enda meir enn nok til å plassere mannen millom kjempor.

Denne Jonas, som var frå Jemtland, kom som arbeidskar til glasverket på Åsnesset. Han var gift alt da og hadde kona med seg. Også ho var svenskfødd. Ho heitte Ane.

Her på Åsnesset skulle da denne jemten, som var så rysseleg brei over ryggen, vera kjørekar. Det vil seie, han skulle skaffa ved inn på verket og glas ut. Og det let da til å gå bra det. Ingen hadde sett ein sværare kjørekar. Mannen var brei over ryggen som ei låvedør der han gjekk og rugga bak lasset.

Men ein dag kom sjefen, tyskaren Wogelsang og brukte kjeft. Han påsto Jonas lessa for mykje og var for hard med hesten, det var nemleg berre turre sanden han køyrde på.

Men da vart han arg, køyrekaren og løyste hesten med eitt og skumpa han or skjækerne, så kreket nerepå hadde gått i koll. Sjå hen har du skitmerra di! sa han, og tok så og spende seg sjøl i skjækerne og drog lasset fram.

Sidan den dagen gjekk Jonas der og drog lassa inn og ut på verket og hadde betaling for hest og kar, er det sagt.

Dei spikra fast sleden hans ein gong, er det fortalt, der han stod pålest og venta. No skulle dei sjå om det ikkje for ein gong skuld vart for tungt åt Olvassgubben og. Men nå nei, det vart no med, lasset, den gongen og, det var ikkje bøn for anna, enda noko av understellet til sleden vart liggande alt. Karane vart både still og fålin der dei stod halvt gjømt og såg på og gjorde han forresten ikkje det prettet oftare, for han tok ut sinne på seg, Jonas, den gongen, og dei lysta ikkje sjå han såleis i augsyna fleire gonger som han var da.

Kva tid denne Jonas busette seg i Olvatnet, veit vi ikkje så visst, og heller ikkje når han flytta der ifrå. Men i alle fall var han der i årom 1850-60. På sine gamle dagar kom han til Statland til sonen sin, Hans, som hadde kjøpt gård der, og her døydde han i 1870.
Det er forresten sagt at han dreiv godt og hadde det bra i Olvatnet, Jonas. Han hadde til og med sitt eige kvennhus og mol konnet sitt sjøl. Kvennsteinane bar han på ryggen frå bygda den lange vegen dit ut. Og der ligg dei forresten enda.

Dei hadde og etter måten stor buskap, er det sagt, og fora vidan om i fjollet. Her var da og vidde nok å snu seg på for den som ville og kunne. Og Jonas var ein som både ville og kunne den konsta — ein som ruvde like brei i slåttemyrom som andre stader, så der var det ingen ting det skorta på.

Men husværet derimot var det ikkje meir av enn det trongs fullvel. Jonas hadde tømra, seg ei seng ved eine veggen i stua. Men så ukoseleg brei han var over hoftene, fylte han heile sengbolet, så det vart i trongaste laget for kjerringa. No var ikkje Jonas den at han stod i beit for noko, og heller ikkje for dette, han tok berre øksa og hola ut eine stokken, så det vart som eit traug inne i veggen. Der smatt kjerringa inn om kvelden og hadde det både varmt og godt.

Når det galdt fjellslåtten, hende det den tida, det vart krangel om retten og rommet. Såleis var det ein gong nokre bønder frå ei grend i Flatanger som var leimeisåt til å ligge innpå i slåttemyrom hans Jonas. Og eine sommaren var dei svært så innpåslitne og mannsterke da dei møttest i slått-teigom.

Jonas, som og hadde bra mannskap med seg, let dei berre klemme på og less som alt var i beste orden, han tenkte vel sitt, Olvassgubben.

Kallane frå Flatanger var nokre fulormar til å ligge frampå i skårgangen. Dei dreiv på som dei hadde betaling for det. Og da dei hadde halde på slik ei god tid utover dagen, kom dei feite i fliren og sa til Jonas at no kunne han få slutte, han og folka hans, dei skulle klare det sjøl no det som var att.

Olvassgubben berre såg på dem og svara ikkje på ban-drøs. Han berre slo vidare.

Men da heile slåttstrekka så å seie var slegen, gjekk han bort til dei og spurde om dei ville flytte seg der ifrå med godt og gode, eller korleis det var — og sanneleg let det til dei ville sette seg opp, kallkrypane du!

Da gjekk Jonas bort på myra og rykte opp ei retteleg dryg telle som han tok til å svinge med i lufta liksom med ein annan høveleg krøttersveig.

Men da sprang kallane og kom aldri att sidan.

Det vart heller ingen annan som med ljåen gjekk Jonas for nære i slåttemyrom etter den dag. Han var kongen i fjollet. og Olvatnet. Ein mann som ber ettermælet sitt med ære.

I dag er det ikkje mykje ved Olvatnet som minner om kjempekaren Jonas. Men kjem du dit, kan det hende du finn kvennsteinane hans og ser den vesle brune vollflekken som enda biir grøn kvar vår til eit vemodig minne om dei som ein gong budde der.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *