Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

 

Krigstid i Sigdal…

 

Den eldste dem har greie på på Finnerudskogen, er han Tore Vilhelmsen Finnerud. Han sette opp stabburet i Finnerud i 1706. Der står det T. V. S. 1706. i svala. Det skal vera bokstavane hans. Han skulde vøri så stor og sprek.

Han var med i ein krig, ein krig som var langvarug. Han vart borte så lenge. (Den store nordiske ufreden?)

I den tida var Hovland tingstad. Der var klæda soldatane skulde ha. Dit måtte døm og hente klær og våpen når dem skulde ut.

Så kom det bud til han Tore om at han skulde ut i krigen. Han var alt gift og hadde ungar da. Om natta kom han til Hovland og la til å dundre på døra. Han sa ikkje hå han skulde, og mannen på Hovland vilde ikkje sleppe han inn. Da tok’n spennetak, han Tore, og skuva på døra så heile dørkarmen seig inn. På den måten kom han inn og fekk tak i våpen og klær. Døm kunde ikkje få gjort han Tore noko for det han braut sei inn slik. Døm vart reint gode venner han Tore og mannen på Hovland. Han hadde jamvel følgt’n Tore med hest langt ut gjennom bygda denna samma gongen.

Han Tore Finnerud vart borte i atten år. Da han kom att, var han så skjeggut og fæl. Kjæringa og ungane i Finnerud trudde han var død for lenge sia. Døm hadde ikkje hørt et ord frå han i alle dessa åra. Døm kjente’n ikkje da han kom til Finnerud. Han kom da inn og sette sei. Han bad om å få husrom. Han snakka fram og attende, men døm drog ikkje kjensel på’n. Han hadde aldrast så på dei åra han hadde vøri borte. Til slutt hadde han så godt som sagt hå han var for ein.

Torsten Skørshagan og Jakop Djupedal var med i sjuårskrigen (1807-14). Dom kom ikkje fram så dom vart med i noko slag. Døm var mykje til følgjes heile tida. Med ho mor var lita, satt’n Torsten jamt og fortalte om den tida.

Døm lei mykje vondt. Det var verst om vinteren, for klæda var så slitne og tunne. Mat vart det lite med. Døm kunde gå fleire dagar uten å smaka mat. Ein gong døm hadde sli’i leir, fekk døm umølin havre og skulde koke på. Men best døm høldt på og koka, fekk døm bud om å bryte leir. Dom måtte slå ned det dom høldt på og koka på. Men da hadde’n Tosten og han Jakop lurt sei unda til døm hadde fått i sei det døm hadde fått skifta til sei.

Døm vart ikkje med i noko slag, for døm låg i feltvakt. Dom fekk bare ordre om å gå attende. Aldri anna.

Ein gong hadde dom sli’i leir på ein gard. Der var dom ikkje lenger unda, enn døm hørte skytinga bortmed. Svenskane hadde nok tapa den gongen. Mannen på garden hadde vøri bortmed der slaget hadde sti’i. Han kom att med ein beta tå krutkjerra til svenskane. Nordmennane hadde skøti ho i fillur.

Da det vart fred, og Karl Johan kom til Kristiania, var både han Torsten og han Jakop med og stod æresvakt. Det var slik jubel og stas i byen da. Karl Johan rei inn i byen og kasta småpengar til følka. Soldatane stod æresvakt i gvite boksur, på begge sidur tå gata. Men Karl Johan rei så søla skvatt, for det var slikt regn den dagen.

Han Eilert Eilertsen var med i den samma krigen. Je var bare ei lita gjente da han var ein gammal mann. Men je hugsar han satt og fortalte om krigen mot svenskane. Det je hugsar aller best, er at han gret når han snakka om det.

Ein gong hadde døm slakta ein hest og skulde koke. Det hadde vøri så lite med maten ei tid. Da gav døm sei ikkje stundir til å vente til kjøttet var koka, men døm høgg nedi gryta etter betane og skar og åt. Da rann blodet etter kniven når døm skar.

Døm låg på ver si side tå ei elv, svenskane på den eine sida, og dessan karane her på den andre. Så hadde fienden ti’i to kuir på ein gard. Den eine hadde døm slakta og høldt på og koka. Men den andre hadde døm bønni i ei buske (et tre). detta såg nordmennane. Dermed så storma døm fram og jaga svenskane.

Da vart det mat. Døm tok kjøttet og koka det og fekk i skreppune sine. Døm fekk riktig bra alle. Den andre kua sleppte døm laus. Ho gikk heim til garden ho var ifrå.

Hadde soldatane det ille med maten, så var det ikkje be’re for følk på bygdane.

Han bestefar var mjølnar på Heftakvenna, og mol der i den tronge tida. Det kom mykje fattigfølk der som han mol for. Mange tå døm hadde ikkje kornsåa i det han skulde mala. Dem kom med hita full tå bein og matmåså og børk. Det var børken tå ungfuru helst, og tå lind og alm. Alm skulde ved den beste børken til å eta. Så måtte han mala ihop alt detta. Døm baka sei brød tå det. Men det var ikkje godt på smak, og ikkje hadde følk godt tå det. Mange vart sjuke. Han bestefar sjøl mol sei slikt mjøl. Men han hadde litt kønn i. Han var på setra om sommaren. Ein dag han satt og åt, kom geitane bort til han og skulde tigge. Han setta fram tå detta brødet sitt. Men da bles døm og rista på hugu. Dem vilde ikkje smaka på det.

Tidleg på sommaren, så vidt grøda var kømmi opp måtte folk skjæra groane og tørke døm. Deretter vart dem hakka og laga mat tå. Somme tok og mol dem med bein og måså.

Dei som hadde mat, deilte med dei fattige så lenge det var noko.

Det var ein mann på Kopseng som hadde fått tak i såmykje tørrfisk. Denna selte han ut til dei fattige, døm som inga krøtter hadde. Det var mange i den tida og som satt borti stugune og ingen ting hadde. Der tok hungeren verst.

Etter det følk veit, døde ingen tå sult i bygdane her. Følk hjølpte einannan så lenge dem hadde.

Men maten vart akta høgt tå døm som hadde prøvd håssen det var å ha for lite tå’n. Døm lærte sei enda til å eta hå det var da, for hungeren er den beste kokken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *