Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Kristen Bråkje


Kristen Bråkje var frå Stensgård. Han låg ute i Holstein i mange år. Han hadde syster si på Nørstnes, og da han var på heimveg frå Holstein, tok han inn på Nørstnes, enda det var ikkje lenger stubben att åt Stensgård heller da. Og på Nørstnes undrast nok på kva detta var for kar, for han var noko for seg sjøl i åtferd og lag, og han namngav seg ikkje der heller, og så lenge hadde han vore burte at han var så pass forandra at han ikkje var attkjennande.

Han hadde med seg ei sylvkanne da han kom heim att frå Holstein. Denna kanna hadde mange innskrifter og års-tal, og var ei framifrå fin og sjelda' kanne. Ho kom seinare til Ramstad, men kvar det vart av ho frå der, er ikkje kjent.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *