Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Kristi Verpe

Kristi Raunsgard i Ustedalen var født og uppvaksen på Verpe, som er grannegarden til Raunsgard. Ein gong i sine barneår gjekk ho frå Verpe nedover til heimstølane — Fekjadn. Best som ho gjekk i sine eigne tankar, fekk ho sjå eit kvende koma ridande i tverrsal på ein skimlut gamp. Kvinna var ung og vél, men Kristi kjende henne ikkje. Ho var i serkjeermane og hadde raudt skaut. Smågjenta stirde på den framande og undrast på kven det var som kom denne vegen. Men då ho såg burt frå henne ein augneblink, var ho kvorve stums burt. Dette var ljose, solblanke dagen i fyrstningi på sumaren. Kristi stirde rundt ikring seg, men kvinna og den skimlute gampen var ikkje å sjå nokon stad.

Ein gong var Kristi og vesle Knut — bror hennar, uppe i lien ovanfor Verpo og pela bær. Då visste dei ikkje ordet av før det ropte: «Kristi!» høgt og tydeleg. Borni stirde rundt ikring seg, men såg ikkje eit levandes menneskje nokon stad.

Ein gong kom det ei fatigkjærring på Verpelangstølen uppe i høgfjellet. Det var skodde i fjellet denne dagen og for å vera visse for at kjærringi ikkje skulle gå seg burt, fylgde Kristi og ein liten bror hennar og synte henne på rett leid til næraste støl. Best som dei gjekk fekk dei alle tri høyre slik ynk og jamring burte i ein haug.

Borni vart redde, men fatigkjeeringi sa:

«Ver ikkje redde, borni mine. Det er berre ei haugakjæring som har barsel».

Ein annan gong var Kristi og Knut bror hennar på heimstølen, nede på Fekjo. Ho var so vidt sluppen fram for presten, og Knut, som inkje var reiug på skulen, var gjætslegut.

Um kvelden stengde dei døri traust og forsvarleg, for dei la seg i einaste sengi der i stølsbui. Kristi la seg fremst og guten upp ved veggen — det var slik ei veggfast seng, som dei jamt bruka i gamal tid.

Ut på natti vakna Kristi av di det var so trongvørt i sengi, elles var det statt godt rom millom henne og broren.

I ørska kjende ho seg fyre med hendane og tykkte det låg eit stort menneskje upp i myljo (millom henne og broren) og dette var heilt upp lode. Ho illskreik og fór upp or sengi. Då rikta det i hurdi. Men ho fornam ingen ting. Vesle Knut vekra seg og trudde fyrst det var månen som hadde deisa ned i bui til dei, for denne våren gjekk det gysju um det i bygdi, at domedagen skulde koma då på timen, og at det var månen som fyrst skulde koma ramlande.

Då dei såg etter, var budøri stengd, plent som um kvelden då dei la seg og ute høyrde og såg dei ikkje anna enn den vaknande, fagre vår-natur kor dei vende seg — ikkje eit menneskje såg dei nokon stad.

Men reddugjen hadde teke dei slik, at dei sprang alt dei orka upp til Verpe, her alle sov si gode morgonsøvn, banka på so dei vekkte heile garden, og fortalde kva dei hadde vorte ute for. Men ingen kunde gjeva betre greie for dette, enn at det var ein haugakall som hadde vore på vitjing på Fekjastølen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *