Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Krossa i limen

 

Til ymse tider var trollkjerringane tilsagd å møtast med han tykje. Dei skulde då gjera greide for seg, kva dei hadde utretta sidan sist dei var samla.

Til desse stemnone reid dei gjenom lufta på stolne soplimar. Men det var råd å stella med soplimane so trollkjerringane ikkje kunde ta dei. Med det same limen var ferdig, skar dei tre kross i skaftet, so la dei risenden over ei fjøl og skar av kvistene til dei fekk eins langan. Deretter gjorde dei krossteikn over med fingeren. Det siste sputta dei tre gonger mot risenden, og sa tvi for kvar gong. Ein lime som var stelt på den måten, fekk stand i maken for trollkjerringar.

Dei tenkte jamt etter dette gammalt attende, når dei gjorde litnar. Ja, endå so seint som i mine gluntdagar var det sume som for med denne skikken. Soleis minnst eg ei gammaltaus heime på Næstby, ho Maren Larst, ho let aldri frå seg ein ny lime minder ho hadde gjort desse ferdene (Saltdal)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *