Internt referansenummer: 31.08.2011 – BOK
Kilde:
MAGRE VILKÅR – FRÅ GRENSEBYGDER OG FINNSKOGER
Haakon Garaasen
OLAF NORLI
OSLO 1924
Andre samlinga.

Krøtera laut slite vondt dei au…

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Svelteforing dreiv dei mykje med. Ein frå Transtrand heite Per Emil dreiv stort gardsbruk med stort krøterhald. Han var frå ein fatig-heim, ein av desse som sleit i armoda, vart kjære i sitt og tykte at det ruvde stort. «Alder i vala ha’ vi havt så mitsi hey (mykje høy) som heine gondjê (?: den-her gongen) !» sa han horivie hausten, og sette-på større og større buskap. «Ta kua fe-gô» d. v. s. å fø kua fritt til våren, mot å få av-drotten, er ein gamalt skikk, her på desse kantar. Og ‘n Per Emil tok mot krøter av kven som helst, og bytte høy i brennevin. Brennevine rann i hans eiga strupe, frårekna detta som han tuskhandla bort åt farande svenske kramkarar; litt sterkt laut det vera i dei lange vintrar, både åt ein og hin.

Men horivie våren, og mykje av vinteren med, vel det leid over kyndilsmesse tider, var han Per Emil i forknipe. Da vart det å svelte seg fram, resten av vinteren.

Ikkje minst vondt laut hestkrøtera hans i all forløysa. «Kvarsilla» vart ei årviss og vårviss plage. «Ein vår kom je der framom. Da stod det 3 sjuke gampar på stallen hans. Den eine hadde fått eit stort verkjehol i halsen. Hesten stod og sleit og togg på noko usselt, magert myrgras. Men maten nådde itt nedi magesekken på ‘n og gjekk itt ut att gjenom det hole han hadde bak: det gjekk ut att i verkjehole i strupa hans! Hesten vart itt mykje feit av den maten!

Men tru meg vil du: hesten rettleidde seg att, leid ut på sommaren, og vart frisk att!»

Nok er det: Per Emil svelte både seg sjølv og krøtera sine, til han vart ein rik mann. «Ta mot småkrøter på sytning» o: ta mot gjeiter og syte (stelle) dei sommaren over, er ei gamal gjerd her i desse bygder. Ein sommar sette Per Emil bort ein heil smala gjeiter på sytning. Fram på hausten laut Per Emil fragte heimatt gjeiterne sine. Til detta leigde han ein smågut og for detta fekk guten femti øre. Ei fatigkjerring på ein husmannsplass åtte og, ei gjeit i denna fragta. Da laut ho betala halve fragta, d. v. s. 25 øre. «Dæ æ, farin dæki meg, käst (?: keidt, tungt, vanskelegt) for meg å betala guten, reint mo åleine!» sa han. Dessa orda hans Per Emil vart i mannsaldrar etteråt ei fast herme der på dei kantar.

Heile buskapen sleit vondt i vårknipa. Hest-krøtera fekk bogskjelva og kvarsilla, vart magre, snørute og hang med hovude, hosta tørt og hardt og orka itt-nåkå, snåva og datt og valt i koll. Og sama eit med dessa hine kreka. Sauen vart liten, itt stort større ein ei storvori kongro, hell du vil sei’ eit dugelegt fillknyte; han vart skollrøyt og bar ikkje ull. — ulla vart meir som eit slag ragg, så stridt. Og gjeita laut raga i ragasotta, mager som ei beingrind.

Eit leite kjøpte ‘n Per Emil i hop så avleg mykje gjeit. På vårkanten vart det forløyse og svelteforing. Da rauk dei åt i ragasotta, den eine etter den andre. Da bar ‘n Per Emil seg ille, snåva i orda og sa dei to og to gonger i senna: «Hæh! Likare å legge kula-kula i dei om hausten og kjøpe att-att dei på fyrisommaren, enn å våge-våge dyre gjeiter i vårknipa og lata ragasotta eta og fortære dei, ja farin dæki meg!» sa han, han snaut seg i handa.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *