Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

Krøtterstell i Land

Juleaftan skulle det finnas tjærekross over alle uthusdører. I fjøset strauk dei kross med tjære over bolkstokken. Elles skulle det vere stukki stål over alle dører der det var levande innafor.

Når ei ku stod og laga seg, så laga ho seg bedre på nyet.

Første gongen kua fikk drikke etter ho hadde kalva, brukte dei å legge glo og stål i bøtta. Dei stakk med eit knivblad i eldmørja i peisen og hadde i bøtta. Tre gonger skulle ein ta glør på knivodden og legge i bøtta. Så la dei kniven nedi. Etter kua hadde drukki, vart kniven stukkin i veggen over båsen.

Elles var det skikken å gi kua ein dram av krøtterbuttelen når ho hadde kalva. Det var brennevin med laurbærblad i.

Etter kua hadde kalva, skulle ho ha ein heil flatbrødleiv. Dei la leiven i bøtta ho fikk drikke i. Om ein ikkje let kua få heile leiven, ville ho ikkje mjølke fullt. Somme brukte ta med ein knivodd i eldmørja og strøye over brødleiven.

Første måla etter kua hadde kalva, skulle ein ikkje bere mjølkebøtta bár or fjøset. Dei brukte legge eit klede over.

Ein skulle aldri ha bort mjølk av nybør ku. Men var det gått såpass som 14 dagar etter kua hadde kalva, kunne ein ha bort av mjølka.

Elles var det ei råd å verje kua mot vondskap om ein let bort av mjølka nyss etter ho hadde kalva. Om ein tok eit stykke av ein flatbrødleiv og heldt over varmen til det var brunsvidd og så la det i mjølkekjørelet, ville det ikkje kome noe over kua.

Ein skulle ikkje ete kjøt sommardagen (15. april), elles ville det bli eitslag gali med krøttera om sommaren. Sommardagen skulle ein yste for å få ein god sommar av krøttera. Ei gammal kjerring, heitte Berte Fykop, (N. Land) heldt seg fast til denne skikken. Ho laut yste sjølv om ho hadde så lite mjølk ho bare fikk i ein posjonskopp (porselenskopp).

25. mai skulle det vere mat ute åt kuene.

Om ei ku snudde seg og vende hovudet mot fjøsdøra første dagen dei skulle ut i hamning, var det eit skralt merke. Ho ville kome ut for ulykke i hamna.

Det var ikkje bra å bruke påk av rogn når ein jaga kua til hamning. Ho ville ikkje kome heimatt.

Dei la soplimen attmed fjøsdørstokken og let kua stige over første dagen dei sleppte ut. Det var elles skikken at kuene skulle stige over stål første dagen dei skulle ut på beite. Det var liggande ein gammal kniv eller eitslag anna eggjern på fjøsdørstokken. Når alle kuene var komne i nøgarden, var budeia etter stålet som hadde legi på dørtokken og bar det åt grindsleet ut mot hamnehagen. Der skulle kua stige over stål andre gongen.

Frå Nordre Land er det kjent at dei let kua stige over blad or ei salmebok første dagen ho skulle ut. Først la dei ein fjølende på dørstokken til fjøset. Oppå fjølenden la dei så eit par blad or ei salmebok, og over blada vart det lagt ein annan fjølende. Dette let dei så kua stige over.

Det var dessutan slått ein hestesko over fjøsdøra første dagen kua kom ut.

Når ein skulle flytte ei vaksin ku over til eit anna stelle, ville ho trå tilbake dit ho hadde vori før. Men dei gamle brukte på å gi kua glømmesalt så ho skulle trevjas på den nye staden. Glømmesalt var salt og oske blanda saman.

Ei gammal kone i Nordereng (S. Land) brukte rote litt oske i saltet ho gav kua. Ein slapp da at ho la seg att i hamna.

Underjordiske kunne få makt over kuer som var ute på beite så dei ikkje vann seg heim. Kuer som kom ut for slikt, ville bli ståande på eitt stelle til noen lyste dei. Det gjorde ein med å kaste stål over dei.

Dei brukte ikkje flytte krøtter etter dei var avdags. Og tok ein ku av bås og slakta, skulle ein ikkje sette nytt dyr på båsen for dagen etter.

I fjøset skulle ein bås stå tom.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *