Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Krunprinsen fer framum Jæren

Daa Oskar I. var krunprins, fór han ein gong framum Jæren. Daa var det ei mengd med folk som hadde samla seg ved Obrest-viten. Torstein Hobberstad var lensmann og gjekk der og skipa alt til rettes; han gjekk med dei beste klædi han aatte og med danebrogsteiknet paa brjostet. Dei hadde lege larma lengje i fyrevegen og slege hol i steinarne, og no ladde dei med treproppar til forladning, og fyrde so av ei mengd med skot med ein gong. Daa skipet fór framum, tok alt folket hatten av seg og ropte hurra alt med dei orka. Der var so’an mirakels mengd med folk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.