Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Ku-byte i Tysvær

Det er ein gamall mann paa Nedstrand som fortel:

Daa ho mor mi var gjenta, tente ho paa Leirang og var budeigja. Naar ho var ute um kveldarne, kunde ho tidt høyra at det lét i ein haug som huldrerne budde i.

So var det seint ein kveld ho mor var i fjoset og skulde mjolka. Daa kom det ei kjerring inn til henne; det var ei huldre-kjerring, og ho sagde: «Bytt !» Mor mi skyna seg ikkje paa dette, og ho sa ingen ting; men daa ho kom inn, fortalde ho det til husbonden. Han sa daa til henne mor, at um det skulde henda ein gong til, so skulde ho svara: «Bytt!» «Ho vil byta ku med oss, og det skal ho faa,» sagde husbonden.

Kvelden etter kom kjerringi atter. Daa ho var komi innfyre døri, sa ho: «Bytt!» – «Bytt!» svara ho mor, og daa gjekk huldre-kjerringi.

Morgonen etter var ei ku komi burt; men paa same baasen stod ei stor ven brandsidutt ku.
Husbonden var underoffiser. Han tok sabelen og gjekk aat fjoset, og der hogg han tri hogg i dørstokken (treskalden). Daa fekk dei høyra huldrerne, at dei sa: «Me lyt flytja herifraa no, men me flyt ikkje lenger en til Kalshamar.» Det var eit fjell i utmarki deira.

Dette er sant kvart ordet; for ho mor fortalde det, og ho laug aldri.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *