Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Kuhop og blåkledde jenter

Ein gubbe frå Refseth i Støren skulle også til sætra. Det var rundt 1800 – omlag på same tida som hendinga med hesten i ålen. Kallen var gammal og tung til fots. Han måtte kvila seg gonger oppetter bakkane. Oppi Sæterløkkjom sette han seg på ei tuve, og han vart sitjande lenge.

Med eitt hørte han så fin ei kubjølle. Ja det var så overlag til rein klang i denne bjølla.

Og ut av skogen kom det ein vakker kuhop, fine og feite blåleta kyr. Det var fleire blåkledde jenter med kyrne. Alle hadde dei kvite skaut over det lange håret som flagra i vinden.

Kallen sat roleg på tuva.

Da kuhopen var rett framfor han vart dei søkkt borte. Det var omlag som ein grå skoddetapp dunsta bort framfor han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *