Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

Kunstforening og målerar i Haugesund

Ein av dei store kunstmålerane her i lande var haugesunder. Det var Fredrik Kolstø.

Han var ikkje meir enn 17 år då han reiste te Kunstakademie i München, og som ung mann måla han eit impresjonistisk bilæte av Bergens fisketorg — det ska vera eit av dei beste i norsk målarkunst. Han var ein utifrå god portrettmålar, sers kjende er dei han måla av Knut Bergslien i 1897 og Amaldus Nielsen i 1902. Dei heng i Nasjonalgalleriet saman med fem andre av målarstykkjene hans. Og her i byen er så mange at dei fylte veggene då kunstforeningen hadde minne-utstelling i 1848. Og altertavla i Vår Frelsers kyrkja er hans verk.

Ein annan fin kunstnar er Ole Frøvig. Eg minnest far min gjekk ofta te far hans for å få han te å laga eit eller anna reidskap som han hadde tenkt ut te fabrikken eller te å vøla gamle. Somme ti’er gjekk han visst utan erend Og, for finmekaniker Jakob Frøvig og far min var religiøse tenkjerar, som hadde hugna av å snakka saman. Stillfarande folk. Av og te når han kom derifrå hugsar eg han sa: «Du kan tru han sonen te Frøvig er ein gneiste te å teikna og måla. Det blir kunstnar av han ska du sjå». Då denne guten blei 70 år held Haugesunds kunstforening stor fest for han.

Omkring 1880-85 var her ein kunstforening som far min var med i. På ein utlodning der vann han eit godt lite bilæte av kunstmålar Eivind Nielsen, son te Martin Nielsen, byfuten vår.

Eivind Nielsen var lærar på Statens kunst- og industriskole i Oslo. Han var ein barneven som faren og saman med ein annan stor barneven, Elling Holst, gav han ut ei «Billedbok for norske barn». Eg synes ennå at det er den aller besta. Te Haugesunds femtiårs jubileum gav han ut eit gildt hefte med «Gamle haugesundstyper».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *