Internt referansenummer: 09.02.2022 – BOK
Kilde:
Gamle Hallingdal
Hefte nr. 3 – 1985
Samlet inn av: Paul Breiehagen
Redaktør: Sigbjørn Tormodsgard
Hallingprent Forlag A.S
1985
https://www.hallingdolen.no/

Kunstnarmotiv frå Sudndalen

Det er Ragnhild Ender som har måla dette biletet, der motivet er Dokken i Sudndalen. Ho var grafikar og målar, dotter til målaren Axel Ender. Ragnhild Ender måla ein del i Hovet og Sudndalen, avdi ho budde på hytta til broren, den kjende biokjemikar Fredrik Ender. Hytta står sunna Halvorgard i Sudndalen.

Ho måla mykje landskap og hus, og det var vel rimeleg at ho fall for dei fine husa i Dokken. Loftsstugu, som me ser i til venstre, høyrer med «blandt toppene i Norges rike trearkitektur» skriv riksantikvar Harry Fett.

Alle husa er av grovt tømmer, hogt i Sudndalen, og bygde opp av bonden på garden då, Ola Ellingson Villand. Han kjøpte Dokken i 1795 og flytta dit saman med kona Ingebjørg Olsdotter frå Torkelsgard i Vats.

Det låg til Ola, som for fleire av Villandane, at dei skulle leggast merke til. Såleis dette med å bruke store dimensjonar når dei bygde. Det stod kjempeskog i fjellbygdene for 200 år sidan. Tømmeret er kløyvd og endå vart veggane tjukke Me finn stokkar her som er 10 meter lange og halvmeteren i toppen. Golvplankane er opptil ei aln (63 cm) breie.

Det var Holge Vebjørnsen og halvbroren «Jørand-Knut» som var tømmermenn (dei same som har bygd Sveingardsstugu på Hol Bygdamuseum).

Også i dei andre husa er det brukt kjempetømmer. Stolphuset, som er sentralt i dette motivet, har og ein sjeldan fin bygningskropp. Dei hadde utvikla ei særleg fin formsans mange av dei eldre tømmermennene.

Det er fleire detaljar ein kan merke seg i dette biletet, t.d. at krossflaka er skorne saman i ein kross. Me finn dette på fleire gamle hus. Stabbane står på ei svill av grovt tømmer, som ligg oppå stabbar av stein. Men dette gjorde og sitt til at høgdeverknaden vart dempa når eit hus vart sett opp i bratt lende.

Loftsstugu har også ein kraftig mur som går utanom huset. Dette hjelpte også til å dra høgda ned og binde huset betre til marka. Nettopp detaljane på eldre måleri og teikningar er viktige. Fotografiet kom ikkje i bruk før langt utpå 1800 talet. Frå tida før har ein teikningar og måleri å halde seg til.

Den siste bonden i Dokken var Johannes Halvorsen Myren. Johannes hadde sans for kulturverdiar. Han endra såleis ingenting verken ved hus eller innbu i si tid. Det var stadig rikfolk som baud store pengar for dette unike gardstunet, men Johannes var standhaftig, han ville ikkje selja. Det var Hol kommune som skulle ha garden. Og slik vart det. Sigurd S. Reinton ivra sterkt for å få handelen i orden, og kommunen kjøpte garden for 27.500 kroner i 1959. Eit godt kjøp vil mange meine. I alle fall, dette sjeldne gardstunet var redda for ettertida.

H.d. 12. mai 1984

Det er Ragnhild Ender som har måla dette biletet, der motivet er Dokken i Sudndalen.

Mer informasjon om heftet «Gamle Hallingdal»

Serien «Gamle Hallingdal» går no i Hallingdølen på sjuande året.

Både i 1983 og i 1984 gav me ut ein del av bileta med forkorta tekst i bokform. Og her er me med tredje utgåva.

Det er journalist Paul Breiehagen som har hovudansvaret for «Gamle Hallingdal» både i avisa og denne boka. På dette stoffområdet er Paul Breiehagen utan tvil «rett mann på rett stad». Få kjenner bygdesoga for Hallingdal betre enn han, i tillegg har han hatt bygdebøkene å stø seg til og ein del av stoffet har han fått fram gjennom samtaler med kjentfolk (til dei ymse bileta).

Det er vår von at me med desse hefta er med og reddar verdifull informasjon for ettertida.

Ål 20. oktober 1985.
Sigbjørn Tormodsgard

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.