Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Kurerte prostedøtrene

I gamle dager låg alltid tenestefolk og ungdom i fjøs og stall. Slik var det også i prestegarden i Støren. Og så ville døtrene til prosten også ha sengrom i fjøset. Foreldra sa hardt nei.

Ungdomen da var vel like lite viljuge til å lya foreldra, og mora kom ingen veg med dei galne jentene. Dei ordna seg sengrom i uthuset. Her hjalp korkje prost eller biskop, sa den eine av dei.

Da gjekk frua til Skulmokallen. Han var rådsdreng og sto aldri i beit.

Om han kunne finna eit råd?

Og han løyste floken. I fjøsskjelet hang det noen gamle, heimsmidde hestetjor. Desse tok han opp på lemgolvet og la dei til før det vart kveld.

Jentene la seg og han hørte kor dei knissa og lo og hadde moro. Han tykte mest synd på dei. Det var ikkje så mykje moro her i prestegarden.

Skulmokallen drog litte grann i tjora. Det rangla og skrangla retteleg stygt i uthusnatta. I svartaste midnattstimen var det.

Jentene hørte bråket og kom i hug alt Skulmokallen og andre hadde fortalt om underlege hendingar her i garden.

Det var to redde og skamfulle jenter som skynda seg inn att til prosten og frua, men frua og Skulmokallen hadde mykje moro av dette etterpå. Han fekk bra betalt for god hjelp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *