Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Kusatsen på Isane…

Likningsnemnda i Davik fekk klage på likninga frå ein mann på Isane som klaga på kusatsen. Det var nemleg slik at likningsnemnda med godkjenning av kommunestyret fastsette innkoma for melkekyr til ein fast sum som i regelen var lik for alle.

Det var denne satsen bonden på Isane meinte var for høg og han enda klaga med denne kraftsatsen:

– Det er dårleg styr på Isane i år, kyrne er so smale i reva som det hadde vore ein Vosse. Puste no på ditta.

(Ein Vosse = ein mann frå Voss.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *