Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad

Kva fremmelege kjerringar lyt passe seg for

Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


«Har du høyrt at fremmelege kjerringar laut ta seg i vare for mangt og mykje?» spurde eg no.

Å jeie og ja! Det var kje greitt. Ei fremmeleg kjerring skulde ikkje stå ute med tora slo. Kvifor ho ikkje skulde det, har eg ikkje høyrt noko um.

Ei fremmeleg kjerring måtte heller ikkje få blod på seg. — Det var ein gong ei kjerring som gjekk med ein unge. Ho var endå nordan fjellet i frå. Ein dag kom ho te slå nedi noko blod med handi. So strauk ho litt tå blodet upp i andletet og sa:

«No vil e sjile sjå um de syne på unga!»

Då ungen kom, so jaumi synte det kje på honom, nett slik som kjerringi hadde klint på seg sjølv.

Ei tjukk kjerring laut heller ikkje sjå på ormar. Det var ein gong ei slik kjerring som hadde stade og set på ein orm. Men meiner du kje ungen fekk ormeaugo, då!

Heller ikkje skulde ei kjerring som gjekk med liten, sjå lik.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *