Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Kvalen

Han Einar var ofte utsett for kvalen.

«Ein dag eg låg og fiska med juksa ei mil unna Okseneset, bar ongelen fast i ein stor kval,» fortalde han. «Då eg kjende det, gav eg ut alt det snøret eg hadde på sula. Så begynte eg å hale inn. Då eg hadde 18-20 famner igjen, kom kvalen opp og skulle blåse og tok då til å renne i vass-skorpa, så eg tyde-leg kunne sjå at jarsteinen slong om øyran på han! Då var snøret mellom kvalen og meg så stramt at ein linedansar kunne ha gått etter det.

Hadde ikkje eg skore av snøret just då, er eg viss på at åttringen ville ha gått under med rubb og stubb.»   
(J. W. Johansen)

Ein annan gong fortalde han:

«Det var ein dag vi låg med juksa. Då bar eg i ein frøkteleg tung og sterk fisk. Eg drog forsiktig tomme for tomme til eg fekk han opp til ripa. Då såg eg at det var ein kval eg hadde bore i. Eg blei då så redd at eg rauk etter kniven og skar av taumen, og kvalen Vir sin veg.

Men i åttedags dag etterpå såg vi kver morra så snart vi kom på havet, at kvalen gjekk rundt båten vår med tennpipongelen i kjeften.»   
(Håkon Andreassen)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *