Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Kvambelsmann


Ingebrigt Røyset, Sande, var bygdevektar, eller stotarkonge, som folk jamnast sa. — Han var og kvambelsmann. – Til han gjekk dei unge gutane når dei hadde huglagt ei gjente og ikkje våga gå på beleveg sjølve.

Ein gong han var ute for å frie for ein gut, høvde det so til at folket heldt på å bake flatbrød, då Ingebrigt kom til gards. — Det var skikken at kvambelsmannen til å byrje med skulde prate um ver og vind, tøv og tull og lage vitsar so folket kom i godlag før han bar fram rette erendet sitt. Då han kom inn i stova tok han til:

«Goddag, goddag! – og takk for sist godtfolk! – Det var ein blodig hålske på vegen idag. Best som eg gjekk so stod eg, og rett som det var gleid eg attende fortare enn eg kom fram.

Men so gjekk eg inn til den velsigna Anders Hauge, og han lånte meg eit par treskor. Det var glupe skor. Dei rann jamen fortare mote bakke enn eg gjekk undan bakke, so var det ikkje dei skorne, var eg aldri komen hit.»

Ja, både gjenta og foreldra hennar skyna godt kva Ingebrigt fór etter. Og det vart straks stor uppdekning av mat og drikke.

Men han vilde ikkje til bords før han hadde utretta erendet sitt.

«Det er ein stor, gild gut,» sa han. «Ein fagna kar! Ein overlag mann! — som kan syte både for kjerring og sju ungar. — Han hev hus og gard, og pengar i kista. — Og dertil hev han tvo plagg nedi ein kveitemage millom gryta og skorsteinen.* – So tek du han, vert du jamen både godt og hugnaleg gift, ja.»

Når so gjenta hadde svara ja, vart det bordhald med spikekjøt og lefser og søtost, og øl og dram attpå.

Etter Laurits Verniksen Gardshol ved Johan Haddal. 1938.

*Plagga i kveitemagen i skorsteinen var teiknet på at fiskelukka fylgde mannen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *