Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Kvams-brørne


Han Niklas Kvam hade fire brør som vart utkommedert i efreden på ein gong, 1807-1814.

Ein haust hade dei heimlov alle. Det var nettupp Romsdalsmarknad da. Så var dei huga på å sjå dit alle saman. Men ei stund etter dei var farne, kom det streng order um at dei skulde møte på lina att. Far deira, han Henrik Kvam, måtte da reise etter med meldingen, og så hardt hasta det at han ikkje sansa seg til å ta bjølla tå heste, men rei ne'over Romsdalen med bjølla skranglande. Det var myrke natte da han kom til Veblungsneset, og Kvamskaran hadde lagt seg. Men dei kjende bjølla, og den eine tok på seg kl'e og gjekk ut, og der sto far hans, og han meldte straks frå um innkallingsordre som var kome.
– Ja, eg skjøna det var noko på ferd, da eg høyrde øykjebjølla vår på gatun, sa guten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *