Internt referansenummer:B-24.01.2014
Kilde: GLYTT FRA ULVIK – SKJEMT OG ALVOR
Forfatter: JØRGEN BERGO
Prenta i Voss Prenteverk AA, Voss
Voss 1982
Forleggjar: Hans Bergo
ISBN 82-90451-00-8
Klikk her for å lese ”Føreordet”
Klikk her for å lese en «mini-biografi» om Jørgen Bergo

Kvardags-glytt frå Hjeltnes

Først i 20-åra var eg gardsgut på Hjeltnes eit par år. Eg vil fortelja nokre småstubbar frå den tida, — om K. K. Hjeltnes i kvardagslaget. K. K. Hjeltnes var då ordførar i bygda, og skjøtta elles mange andre tillitsyrke. Han var skulestyrar og gards-styrar, og han var med i gardsarbeidet, på slåtteteigen og på nybrotet. Han gjelda griser, og han skodde hestane, var så drengene var fåmete og lite kunne. Han var før til å slakta, og han kunne bryggja godt øl…                                                                                                                                                                           

                                                                                                                                                                                K.K. Hjeltnes (Fotofraf ukjent)

K K Hjeltnes

Han kom frå reis ein gong, — det var i kveldsøkta, hugsar eg. Me dreiv med slakting nede ved eldhuset. Og korleis det no var — han tykte vel det gjekk noko keivleg med flåinga. Best det var kasta han trøya, fekk tak i ein kniv og til å flå og hengje opp skrott etter skrott. Reiseskjorta vart nok noko blodut, men det fekk ikkje hjelpe. Arbeidslyst hadde han til alle tider. Om det stundom gjekk litt på skeive så berre lo han så inderleg godt, — ikkje noko å gråta over…

Og så ein god stubb, eit herme, ei soge frå gamle dagar. Nei, det var ikkje sorg der K. K. var med…

Å buføra var utenkjeleg utan K. K.

Me drog frå Løyning om kvelden, med ku og geit, skulle driva til Voss. Frå Voss bar det vidare med tog til Finse og Oksebotnen. Edvard Ljono og Jakob Andreasbødnen var med.

Og det var fin sommarnatt…

Nede i Kyrkjeteigen «stakk me grisen»! Me stogga der eit bel, fann ein stad der det var friskt vatn til folk og dyr. Der fekk me oss ein matbit, og krøtura beitte.

Men «grisen»? — Jau, det var altså eit lite ølanker, det, me sette tappen i…

Øyk og kjerre hadde me med, og me byttest om å sitja i kjerra. Men han sjølv? — Eg tykkjest hugsa at han stabba og gjekk heile vegen…

Han sytte ikkje med å gå eit stykke. Det kunde henda at han etter ein arbeidsdag sette i veg til fjells, – det var svalt og godt a gå om natta…

 

Ein festdag i Uræ

Ein festdag i Uræ minnest eg. – Kunne det bli festdag i Uræ? Jau, det kunne det når K. K. var med. Han hadde evner til å skape fest kring seg kvar han så var, – i kvardagslivet, i det mest keidsam e arbeid…

Uræ var geitestøl vår og haust. Mellom ur og stein var det mykje gras. Det hadde vore fast bustad og levemåte for folk i Uræ for ei tid sidan.

Vi rodde ferja utover, slo oppetter brattlende og fekk ferja full med fint gras til kvelds. Så var det å ro ferja inn att, og passa på at me ikkje støytte på «Hjelten». (I dag er det visst sjømerke på Hjelten).

Dagen etter var det å køyra graset til hes. Strevsamt? Ja vel, men det var i den tida det var morosamt å arbeida…

Skuteforlis på Haugakroken

Mellom dei mange tiltak K. K. sette i gang, var å byggja sag og skjere materialar til sildekassar. Først stod saga oppe ved skogkanten, og han hogde tømmer i eigen skog. Sidan vart saga flytt ned til sjøen og Råmaterialet var for det meste hun som vart ført over fjorden frå Skeie-saga.

Sølfest i Kronæ hadde teke på seg å frakta ei last med kasse-materialar til Bergen med skuta si. Innlastinga gjekk med liv og lyst. Men ingen var merksam på at sjøen fjøra. Best det var stod skuta på grunn. — Vel — ein fekk venta til det flødde att. Og det hadde vel gått bra alt saman, hadde det ikkje vore det at det var gløymt å slakka på landtoga, dei trekte skuta over på sida på fjøra sjø. Slik låg skuta om morgonen. Det meste av dekkslasta var fare til sjøs og låg spreidd innover alle strender, ved Holmen og Snauholmen.

Det fekk skuta flot att og bukserte henne ut til Haugakroken. Ved bryggja der sokk ho om natta.
Kven skulle ta initiaitvet til å få skuta flo?
– Sjølvsagt K. K.

Han samla alle sine drenger og noko av mannskapet ved saga, gav kvar ein ei bytte i handa og heile flokken rodde til Haugakroken. Sjøen gjekk over lukekarmane.

Eg ser tydeleg for meg det «dramaet» som då gjekk for seg. Me slo bord på lukekarmen på tre kantar. Så skulle me slå siste bordet på i ein fart. Men før det gav K. K. ordre:

To mann på pumpa, alle dei andre klar med byttene. Så var det å ausa, kvar med si bytte, alt me orka og litt til. At kvar mann gjorde sitt beste, er det ikkje tvil om. Me auste i 10 —15 minuttar, tenkjer eg. Då var lukekarmen så vidt over sjøen, — me kunne pusta ut…

Dagen gjekk med til å lensa skuta. Mannskapet hans Sølfest meinte dei hadde funne lekasjen og tetta han. «Tett som ei potte», sa dei…

Er det naudsynt med vakt, ville K. K. vita.

Nei, dei trudde ikkje det. Skuta var tett no.

Mannskapet drog heim og me drog heim.

– Om morgonen låg skuta på botnen att.

Korleis det sidan gjekk, hugsar eg ikkje. Eg var i alle fall ikkje med på fleire bergingsaksjonar. Men eg var med å berga kassematerialen som låg langs strendene inne i bukta. Det gjekk for seg etter at det hadde lagt seg is på fjorden. Me spente på oss skeisene, leste buntane på ein slede som me drog med oss. Me tok buntane i land utanfor Ryvaneset. Eg hugsar me heldt på å gå gjennom isen der. Isen gynga og gjekk i bylgjegang, men me kom oss då til lands…

Kvifor eg hugsar dette så nøye ?

Jau, eg undra meg over K. K. si evne til å gripa inn, evna til å rettleia på så mange omkverve.

Ein hadde aldri det inntrykk at han dominerte. Det fall av seg sjølv at slik skulle det vera. Slik skulle det gjerast. Det fall av seg sjølv. Han hadde uvanleg god praktisk innsikt i alt mogeleg. Det galdt i praktisk arbeid, og det galdt elles.

Eg råka K. K. eit par gonger seinare.

Me var i følgje på bussen oppover til Voss. Han skulle vestover og eg austover. Det vart litt ventetid for oss båe. Han leigde eit rom. Det kunne vere godt å kvile litt for oss båe, meinte han.

Han sovna med ein gong. Han var slik — han kunne ta ein blund på få minuttar.

Då var han kvild.

Det var vel difor han kunne koma over alt det han gjorde.

Ein annan gong bar det austover med oss båe. Han tinga kupe i natt-toget slik at me fekk reisa i lag. Men han ville ikkje leggja seg før me hadde passert Finse og Oksebotnen, for han ville sjå korleis det stod til med beite i fjellet.

Jau, der var mat no, meinte han, — på tide å kome seg til fjells med dyra . . .
Vi skildest utanfor departementskontora. Han skulle inn der. Ein mangslungen mann, — frå beite på Finse til konferanse i departementet. Han trong ikkje lang tid til å omstille seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.